Redaktør Stig Hovlandsdal Øvreås ønsker å vite kva du meiner om innhaldet til Ytre Sogn, og om vegen vidare for lokalavisa.

Fem spørsmål om Ytre Sogn


Ei langstrekt ferieavvikling i Tell Media og Ytre Sogn nærmar seg slutten, og no gler vi oss alle saman til å produsere masse lokalt medieinnhald i tida som kjem.

For oss som lokalavis er det viktig å lage eit medieprodukt som er attraktivt, og for å lukkast med det må vi lytte til marknaden sine ønsker og behov. Mange har (heldigvis) meiningar om Ytre Sogn, og eg får sjølv personleg jamt og trutt tilbakemeldnigar av både positiv og negativ karakter. Det set eg stor pris på nettopp fordi det kan vere vanskeleg for oss å vite kva typar innhald våre abonnentar ser på som verdifullt, og kva typar innhald som vi ikkje bør prioritere å bruke tid og ressursar på å lage.

Vi sit sjølvsagt på diverse statistikk og talmateriale som gir oss ein peikepinn på kva innhaldstypar som er populære, men tal gir ikkje alltid det heile og fulle bildet. Ei avissak som ei mindre gruppe har stor nytte eller glede av kan vere minst like verdifull som ei som mange klikkar seg inn på og les, men hadde lite utbytte av. Redaksjonen vår består i dag av tre journalistar i stillingsprosentar tilsvarande to fulltidsstillingar, og det er avgjerande for oss å bruke ressursane våre så smart og effektivt som mogleg.

Å bruke tid og energi på å lage innhald ingen vil ha er aldri lurt, men for oss som ei av dei minste lokalavisene i landet i eit lokalsamfunn prega av folketalsnedgong og tronge kår for handels- og servicenæringa er det potensielt livstrugande.

Som redaktør i Ytre Sogn og dagleg leiar i Tell Media ønsker eg derfor å høyre frå våre abonnentar, lesarar, sjåarar og lyttarar for å få ei betre forståing for kva innhaldstypar dere ønsker at vi prioriterer. Direkte tilbakemeldingar i kvardagen er kjærkomne, men dei vil alltid vere enkeltståande personlege meiningar som det kan vere risikabelt for oss å basere oss på i våre interne redaksjonelle prioriteringar.

Basert på innspel vi har fått i seinare tid har eg derfor formulert fem spørsmål til dei av dere som konsumerer innhald frå Ytre Sogn. Lokalavisa har nok ikkje den same posisjonen i lokalsamfunnet som den ein gong hadde, men vi håpar sjølvsagt at Ytre Sogn framleis har ein plass i vårt lokalsamfunn, og at dere som kjenner oss ønsker å hjelpe oss med å bli enda meir attraktive for dere og potensielt nye lesarar, sjåarar og lyttarar.

Du kan svare på spørsmåla ved å trykke på knappen under. Spørjeskjemaet vil også innehalde andre spørsmål tilsvarande dei som har vore i tidlegare lesarundersøkingar som vi har gjennomført, og det er heilt valfritt kva ein vil svare på. Svar på alt eller berre litt, det er heilt opp til deg.

Svar på spørsmål

1. Er vi for trauste?
Vi er ikkje tilhengarar av sensasjonsjournalistikk eller «click bait», og likar å snakke rett fram til lesarane våre utan å pakke sakene våre inn i eit slør av mystikk for å få fleire klikk. Nokre gir tilbakemeldingar på at dei set pris på det, medan andre meiner at vi er for trauste og kjedelege. Dette gjeld også for kva typer saker vi vel å skrive, og kven vi vel å intervjue. Vi har tradisjonelt vore opptekne av å dekke tema som vi har vurdert som viktige lokalt, og som kan ha ein direkte eller indirekte innverknad på liva til folk i vårt nedslagsfelt. Dømer på dette kan vere politiske vedtak og løyvingar, men dette er ein type saker som blir lite lest av våre lesarar sett opp mot andre typer saker. Viktig og nyttig, og av mange vurdert som noko ein sikkert burde lest, men samstundes som for tørt og kjedeleg til å bruke tid på. Vi får og tilbakemeldingar på at vi snakkar for mykje med dei som har sitt virke på rådhus, og for lite med «folk flest» som har spesielle historier eller opplevingar å dele. Typisk lettare stoff som er godt eigna til å fange merksemd og dele i sosiale medier, men som gjerne er mindre viktig for samfunnet generelt. 

Vi kjem ikkje til å slutte å dekke politiske vedtak og kommunale gjeremål da vi ser på det som ein viktig del av vårt samfunnsoppdrag, men spørsmålet er om Ytre Sogn bør trappe litt med på denne dekninga og prioritere å bli ei noko meir tabloid og underhaldande avis. Kva tenkjer du?

Ytre Sogn har nettavis og kjem ut to gongar i veka på papir. Distribusjon både på nett og papir er krevjande for ein liten stab, og tid som blir brukt på eitt produkt går ut over kvaliteten på det andre, men det er kanskje naudsynt med både nett og papir for å nå mange nok abonnentar. Vi har ikkje fasiten, og spør derfor deg som lesar om dine innspel.
 
2. Er vi for treige?
Mange som les Ytre Sogn les og Firda, og samanliknar oss med storebroren vår i nord. Som landets største nynorskavis har naturleg nok Firda ein del ressursar som vi ikkje har som gjer det lettare for dei å rapportere om hendingar som skjer fortløpande, slik som trafikk- og politimeldingar. Når det gjeld arrangement og meir planlagde hendingar har vi derimot større moglegheiter til å vere raskare ute med vår dekning, om vi prioriterer det internt.  

Eit sentralt spørsmål her er om dere som lesarar meiner at verdien til ei sak som dekker ei hending blir lågare om den blir publisert av oss ein dag eller to etter at hendinga er over, eller om det er greit. Sidan vi gjerne jobbar med fleire saker og arbeidsoppgåver samstundes er det meir praktisk for oss å bruke noko tid på å få ferdig saker som dette enn å sette alt anna på pause, men om det i stor grad senker verdien til sakene bør vi sjå på moglegheiter for å endre måten vi jobbar på, og kva vi prioriterer først og sist.

3. Bør vi korte ned innhald?
Sidan eg kom inn i Ytre Sogn i 2021 har eg vore ein pådrivar for produksjon av eit breiare og meir digitalt medieinnhald som videoinnslag og podkastar, og vi har og investert i ein slik innhaldsproduksjon. Nokre av videoinnslaga våre er populære og blir delt ein del i sosiale medier, men alt i alt virkar det ikkje som om at dette innhaldet – som det tar ein god del tid å lage – er meir attraktivt for dere enn ordinære tekst- og bildesaker. Særleg podkastane våre har lågare lyttartal enn vi hadde håpa på. Spørsmålet blir om innsatsen vi legg ned i denne produksjonen er verdt det i form av tilstrekkeleg nytte og glede for våre lyttarar og sjåarar, eller om vi bør vurdere å kutte eller endre forma på denne typen innhald.

YSTV-innslaga våre er typisk fulle innslag litt i same stil som til dømes Vestlandsrevyen, noko som krev ein del redigering og etterarbeid, og podkastane våre er typisk på ein knapp time. Bør vi heller prioritere kortare lyd- og videoinnhald, eller er det fint med ei viss lengde på innhald som dette, om vi skal fortsette å produsere det?

4. Bør vi reindyrke digitalt?
Ytre Sogn står i ein krevjande situasjon der vi i dag både gir ut to papiraviser i veka, og har ei nettavis som bør fyllast med relevant og oppdatert innhald. Begge deler krev ein del arbeid, og når vi bruker tid på det eine produktet går det automatisk ut over det andre. 

I januar 2021 var papiravisopplaget vårt på 1050 aviser, medan det no er nede i omlag 775 aviser. Det er ein nedgang på omlag 25% på tre år. Vi har satsa digitalt og vil fortsette å gjere det da vi er overtydd om at framtida i avisverda er heildigital. Annonseinntektene på papir har også hatt stor tilbakegang, og både trykk og distribusjon av papiraviser er ein kostbar affære. 

Det er derfor mange gode argument for å sjå på ei heildigital framtid for Ytre Sogn og frigjere tid og ressursar frå papiravisproduksjonen slik at vi kan ha fullt fokus på å gjere den digitale utgåva så god som mogleg. Samstundes står vi i ein sårbar situasjon med eit stort inntektsfall dei siste åra, og vi er sjølvsagt uroa over ein potensiell abonnementsflukt om vi skulle gå over til heildigital distribusjon. Mange seier at papiravis er einaste alternativ for dei, men vi har opplevd mange gongar at dei mest ihuga papiravislesarane har blitt nettavisentusiastar så fort dei har tatt den i bruk.

Vi er klar over at vår nett­avis- og abonnementsløysing ikkje held eit godt nok nivå per i dag, og vi kjem til å jobbe aktivt med å forbetre dette i løpet av det komande halv­året. Dette vil forhåpentlegvis gjere nettavisa vår meir brukarvennleg og attraktiv, og spørsmålet her er om vi bør legge all vår tid, energi og økonomi i å gjere ytresogn.no best mogleg, eller om det framleis er ein for stor del av marknaden vår som ser på papiravisa som einaste avis­alternativ. Det er eit vanskeleg spørsmål å svare på, også for oss, men om du har tankar om nett- og papirutgåva til Ytre Sogn som produkt håpar vi at du vil dele dei med oss. 
 
5. Bør vi gjere noko som vi ikkje har tenkt på?
Dei fire første spørsmåla over har bakgrunn i tilbakemeldingar vi får og eigne vurderingar, men det kan sjølvsagt vere mange nyttige idéar og innspel der ute som vi ikkje kjenner til eller tenker over. Om du har tankar om kva som kan gjere Ytre Sogn til ei meir attraktiv lokalavis håpar vi at du vil gi oss ei tilbakemelding på det. 

Vi ønsker å vere ei lydhøyr lokalavis, og om du skulle vere ein lesar, sjåar eller lyttar som ønsker å ytre deg om innhaldet vårt er vi ein god match!