Ingunn Kandal, leiar i Sogn og Fjordane Nei til EU
YTRINGAR

EØS og aukande straumprisar

"Kva med dei som no slit med å betale straumrekningane og ikkje har råd til å varme opp husa sine? Kven tek ansvar for dei?" spør Ingunn Kandal i innlegget sitt.


Dei høge straumprisane vi har no, er eit resultat av politiske avgjerder. I 1990 vedtok Stortinget ein ny energilov, fremja av  Syse-regjeringa og vedtatt med støtte av AP. Krafthandelen skulle no styrast av tilbod og etterspurnad i ein marknad, mens den tidlegare hadde vore drifta av lokale e-verk som skulle levere tilstrekkeleg straum til så låg pris som mogleg.

Arbeidet med den nye energilova, skjedde samtidig med EØS-forhandlingane. Og med EØS-avtalen, fekk vi ein pådrivar for marknadsstyring og høgrepolitikk. Med energilova av 1991, fekk Noreg den mest marknadsliberale energilova i verda. Men det er først no vi verkeleg ser resultatet av liberaliseringa.

Med dei to nye straumkablane til Tyskland og England, er det fritt fram for krafteksport. Gjennom desse kablane kan vi overføre meir enn halvparten av straumproduksjonen vår. Vi er dermed blitt knytt opp til ein straum-marknad med mykje høgare prisar og utan politisk kontroll. Og sjølv om fyllingsgraden i vassmagasina no er langt under normalen, held krafteksporten fram, og prisane stig og stig.

Fleire har tatt til orde for at straumeksporten til EU må reduserast for å få bukt med dei høge prisane. Men er dette realistisk?  Statsråd Marte Mjøs Persen (Ap) uttalte til politisk kvarter på NRK at det ikkje kan kuttast i krafteksporten til utlandet av prisregulerande omsyn, fordi «dette vil være i strid med våre internasjonale forpliktelser».

Og kva seier dei no, tidlegare olje- og industriminister Terje Søviknes og NVE-direktør Per Sanderud? Då Stortinget 22. mars 2018 vedtok EU sin tredje energipakke, kappast dei begge om å avvise at utanlandskablar ville gi høgare straumprisar. NVE-direktør Sanderud fastslo i eit intervju med Klassekampen at det slett ikkje var grunn til uro. «Flere kabler vil gjøre de ekstreme utslagene i strømpris mindre. Men snittprisen vil bli høyere, ett til to øre pr. kilowattime i 2030» (Klassekampen 2.3.18.)

I Hurdalsplattforma heiter det m.a. at dei to regjeringspartia skal gå inn for å «Utrede hvordan norsk krafteksport påvirker norsk forsyningssikkerhet og norske strømpriser og hvilke konkrete tiltak som kan bidra til å sikre at norsk fornybar kraft forblir et konkurransefortrinn for norsk industri».

Men kva med dei som no slit med å betale straumrekningane og ikkje har råd til å varme opp husa sine? Kven tek ansvar for dei?

Hva tenker du
Ytre Sogn oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.