Skal ein samle folk i alle aldrar og kjønn, så må det bli å halde basar på ein kliss våt haustdag. Dette har Kyrkjebø Sanitetslag skjønt, sidan dei greidde å fylle samfunnshussalen på Kyrkjebø sundag ettermiddag.
Storstova
Helga Dåvøy, leiar i Kyrkjebø Sanitetslag, opna med å ønske velkommen og uttrykte glede over å ha valt storstova framfor myldrerommet til årets basar. Det fekk ho applaus for av om lag 80 besøkande. Ho fortalde at laget held ein slik stor basar annakvart år. For to år sidan vart det arrangert i det mindre myldrerommet på Kyrkjebø skule. Denne gong hadde det rommet vorte for lite. Har det vore mykje arbeid på førehand? – Ja, det er det jo alltid, men det er vi vande med. Dei åra vi ikkje har stor basar sel vi lodd på bøker som vert trekte på ein av onsdagskaféane våre. Ein litt meir uformell måte å gjere det på. Har folk støtta godt opp? – Om dei har! Vi har fått gåver frå både firma og privatpersonar, og til og med i dag har folk komme med gevinstar til åresalet. Folk har og kjøpt masse lodd, sa ein nøgd leiar i det ho såg utover den fulle salen.Flaks og uflaks
Som alltid er det ulikt fordelt kven som vinn. Tre rundar med åresal og mange gevinstar i kvar runde, borga for mange sjansar. Alt frå heimestrikka sokkar, luer, skjerf og genserar til vasar, lys, serviettar og ulike gåvekort fekk bein å gå på. Fleire småjenter sprang lette på foten mellom bordrekkene og delte ut gevinstane. Spenninga var sjølvsagt størst knytt til kven som kom til å vinne på bøkene, der gevinstane var ekstra fine. Namn etter namn vart lesne opp, og til slutt kom hovudgevinsten; eit nydeleg og mjukt saueskinn. Den heldige vinnaren blei Kjersti Johansen Søreide som, da ho kjøpte lodd på Joker Kyrkjebø, hadde sagt at ho gjerne skulle ha vunne det skinnet. Ho var ikkje på basaren, men utbraut: «Fantastisk!» da ho fekk vite at ho hadde vunne. Saueskinnet er snart på veg over fjorden til Søreide.God inntekt
Kasserar Ann Kristin Lillehauge var svært godt nøgd med årets basar. – Det har gått over all forventning, men det gjer seg jo ikkje sjølv. Har du oversikt over kor mykje de har fått inn på basaren? – Ja, vi fekk inn godt og vel 58000 kroner, fortalde ein svært nøgd kasserar.Det er gode pengar å ta med i det vidare arbeidet til Kyrkjebø Sanitetslag.