Desse bustadane kan ein montere på 14 dagar, og no er to av dei til sals i Vadheim. (Illustrasjon: Norsk Eiendomspartner)

Desse tek det 14 dagar å sette opp –⁠ to er til sals i Vadheim

Norsk Eiendomspartner har teikningane klare for to einebustadar på nedre Hovland i Vadheim. Og når dei er selt går det kjapt fram til ferdig hus.


I januar skreiv Ytre Sogn om Norsk Eiendomspartner som hadde fått opsjon på to av tomtene på nedre Hovland i Vadheim. Dag Loftesnes i Norsk Eiendomspartner kunne fortelje at dei sikta seg inn på etablerarsegmentet i bustadmarknaden, og at prislappen på einebustadane dei planla ville ligge på rundt 3,5 millionar kroner.

No er teikningane klare, og bustadannonsa ute.

– Vi har gått for eit meir arealeffektivt husvære der vi har trekt boden ut og lagt til ein carport. Dermed er også prisen blitt litt dyrare enn det vi først sa, seier Loftesnes til Ytre Sogn.

Bustadane skal ligge på to av tomtene på Nedre Hovland, berre nokre meter frå fjorden. (Illustrasjon: Norsk Eiendomspartner)

Sett opp på 14 dagar
Bustadane er på 76 kvadratmeter kvar over eitt plan, med hage og altså utandørs bod og carport. I annonsa kan ein lese at frå objektet er selt så vil det gå omlag seks månadar til ein bustad står klar.

– Vi har 22 slike einingar til sals i Gaupne der vi alt har selt 11 av dei. Der bygger vi dei som leilegheiter, men dette er modular som då også kan byggast som einebustadar slik vi gjer i Vadheim, seier Loftesnes.

Grunna leveringstid frå fabrikken tek det litt tid å få dei på plass, men når husa først er levert er dei montert og ferdig til innflytting på berre 14 dagar.

Heimflyttarar
Loftesnes seier dei siktar seg inn på unge førstegongsetablerarar, og dei som vil flytte heim att. Kven som skal bu i husa får vere opp til dei som kjøper å avgjere.

– Her kan foreldre flytte inn slik at unge som flyttar heim kan ta over familiehuset, eller unge par, heimflyttarar, eller førstegongsetablerarar kan få eit heilt nytt hus å bu i. Det vi ønsker er å få ein litt meir dynamisk bustadmarknad i området, og det får vi ikkje til om vi ikkje får nybygg på plass, seier Loftesnes.