Bøndene Arnt Inge Hjelmeland og Anders Lorentzen har bøar som ligg heilt ned til det oppdemma Espelandsvatnet knytt til Nedre Svultingen kraftverk. Dei er no frustrert over at Eviny ved fleire høve ikkje har varsla grunneigarane så dei kan tilpasse drifta og sette inn tiltak før vatnet stig i samband med kraftproduksjonen, noko som mellom anna har ført til at gylle har rent vekk og rundballar har flote i veg med flaumvatnet.