Butikkutvikling på agendaen


Onsdag og torsdag denne veka fekk Høyanger sentrum ei grundig gjennomgang om kva som er bra, kva som kan bli betre og kva som ikkje fungerer.

Gøril H. Florvaag frå Butikkutvikler.no besøkte fleire butikkar og kom med si ærlege meining.

På lista av butikkar å besøke var Sport’n Høyanger og her stod Odd Arild Løseth klar til å vise ho rundt i butikken sin og diskutere kva ein kan gjere betre.

– Eg synest at det er godt å ha nokon å spele ball med som har sett mange ulike butikkar. Ho kan nok komme med nokre gode innspel til oss om kva vi kan gjere, seier Løseth.

Les meir i Ytre Sogn fredag!