Høyanger kommune melder at Telenor er i kontakt med entreprenør om vidare framdrift, men førebels rettetid er ukjend.
Brotet fører til redusert til ingen dekning i område rundt Sognefjorden mellom Kyrkjebø og Breidvika. Fergeleia i Lavik og på Oppedal er blant områda utan dekning.
Til Firda seier dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, at kabelen er heilt avbroten.
– Eg kan stadfeste at kabelen har ryke av heilt. Sognefjorden er djup, og vi må legge fleire kilometer med ny kabel. Eg torer ikkje estimere noko tid for retting, men eg trur vi snakkar fleire veker, seier dekningsdirektør i Telenor, Bjørn Amundsen, til Firda.