Besøk av 600 unge entreprenørar


I år er det Høyanger sin tur til å arrangere den årlege entreprenørskapsmessa for alle ungdomsskulane i dei ni kommunane som er med i Sogn regionråd.

Torsdag 4.mai samlast rundt 600 ungdomsskuleelevar i Høyangerhallen, når regionrådet – saman med Ungt entreprenørskap – inviterer til messa, som i år blir arrangert for niande gong.

– Det handlar om at elevane tidleg skal byrje å sjå moglegheitane i sine eigne lokalsamfunn. Arbeidet med elevbedrifter skal trigge utforskartrangen deira. På sikt kan det vere nettopp dette som fører til at nokre av dei etter kvart vel å flytte heim og skape sin eigen arbeidsplass, seier Hanne Hjelmeland Ørnehaug og peikar på at gjennom elevbedriftene får dei høve til å jobbe med noko dei verkeleg brenn for, og som dei har eigarskap i.

Sidan 1. januar i år har ho vore programleiar i Sogn regionråd, med ansvar for barnehage– og skuleutvikling. Til det høyrer også arbeidet med elevbedrifter i 9. klasse på ungdomsskulen.

Ordførar i Høyanger Petter Sortland - som også er leiar i regionrådet - fortel at messene går på omgang hos dei ni medlemskommunane, og i år er det altså Høyanger sin tur.

– Det betyr at kommunen skal ta imot rundt 600 ungdomskuleelevar. Så det er eit stort arrangement vi no skal ha, seier han og får samtykkjande nikk frå Ørnehaug.

I tillegg til 9.klassingar frå 30 utvalde elevbedrifter i dei ni sognekommunane, kjem også vel 400 8. klassingar frå dei same skulane for å sjå og lære av elevane på klassetrinnet over.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!