Årdal knuste Høyang 8-0


Ordkrigen var i gang lenge før fotballkampen mellom dei to aluminiumsbygdene. ”Ytre Årdal” og ”Indre Høyanger” var uttrykka som vart brukt mot kvarandre, men då kampen starta vart det klart kven som var sjefen i vår lokale ”El Clásico”, nemleg Årdal.

Truls Hovland brukte berre nokre sekund på å setje skapet på plass, og viste med det alle frammøtte kven som var sjef på kunstgrasbana i Høyanger. Det var på førehand bygd opp ei forventing når desse to rivalane skulle møtast til dyst i Kretsligaen. Første kampen mellom laga i juni enda med 3-1 siger til Årdal, ein kamp Høyang kunne teke poeng i. No var dei sjanselause, og det var minst ein divisjon forskjell på laga.

Les meir i dagens papirutgåve