– Omvisinga i dag har også synt oss at det som skjer her på Tronvik er det all grunn til å vere stolte over i Helse Førde.
Styremøte i Helse Førde:

–⁠ All grunn til å vere stolte av Tronvik

Styremøtet i Helse Førde på torsdag vart avvikla på Tronvik, same dag som Helse Førde si pressemelding om kuttforslag kom ut.


– Det er krevjande.

Det seier administrerande direktør i Helse Førde Arve Varden. Det seier også økonomidirektør Øystein Helleseth. Og det seier meir eller mindre alle som tek ordet på styremøtet til Helse Førde på Tronvik på torsdag.

Og det er inga overdriving, snarare tvert imot. Situasjonen er at Helse Førde må kutte 100 millionar kroner i budsjettet for 2024, og det bør dei gjere før jul. 

50 millionar bak
Øystein Helleseth fortel på styremøtet at 50 av desse 100 millionar kronene kjem frå tala han syner frå 2023. September har ikkje vore ein god månad for helseføretaket, med mindre aktivitet enn forventa.

Helse Førde har også måtte kjøpe ei såkalla tryggleiksseng, noko helseføretaket berre har tre av i dag. Prisen på dette er 24 000 kroner i døgnet.

Realiteten er at etter september kan ein legge til fem nye millionar kroner på den raude sida av budsjettet.

– Vi har ei forventing om å vere 50 millionar bak budsjettet, seier Helleseth, men seier at dette er eit konservativt anslag.

Håpet er at dei skal vere nærare 40 millionar kroner.

– Vi har tru på at desse tala skal bli betre på slutten av året, supplerer Varden.

Økonomidirektør Øystein Helleseth sa som mange andre under styremøtet: – Det er krevjande.
Mange faktorar
Det er likevel mykje å slepe med seg inn i 2024, når ein må ta høgde for den aukande renta, aukande lønsutgifter, og aukande byggekostnadar.

Nye Førde Sjukehus har ei ramme på 1,8 milliardar kroner, og ved utgangen av 2024 vil Helse Førde ha 1,3 milliardar kroner i lån. Hallseth forklarar at auka lønsutgifter er noko det blir tatt høgde for i statsbudsjettet, og at dette nullar seg ut. Men rekninga for alt anna som aukar med inflasjonen må Helse Førde sjølv finne innsparingar for å dekke.

– Det er mange faktorar når ein set eit budsjett som gjer dette svært krevjande, seier Hellseth.

På styremøtet blir det også understreka kor alvorleg situasjonen til Helse Førde er, og budsjettrammene for 2024 vart kalla dei strammaste ein hadde sett.

– Dette er gode rapportar og det er presentert ei god oversikt, men eg tenker at vi bør formidle at vi forstår at denne situasjonen er alvorleg, sa styremedlem Ann Sissel Faugstad.

Tronvik står på lista over sparetiltak Helse Førde må greie ut før budsjettet til 2024 er klart. Skjebnen ville ha det til at det var nettopp på Tronvik styremøtet til Helse Førde haldt stad på torsdag.
Snu alle steinar

Helse Førde har eit formidabelt arbeid framfor seg og oppgåva er bortimot uoverkommeleg. Derfor har ein allereie kutta 50 millionar i investeringar, og stryk med det heile vedlikehaldsbudsjettet. 

– Dette er inga god løysing, men vi vil vere sikre på at vi kan levere på dette, seier Varden.

Vi veit alle korleis det er med vedlikehald som blir utsett. Ein må gjere det før eller seinare likevel, og gjer ein det seinare kostar det fort meir. Men då betyr det i alle fall at ein ikkje treng kutte 100 millionar i denne runden.

Men det står framleis att 50 millionar kroner, og til saman har dei 70 forslag til innsparingar i Helse Førde. Mange av desse kan gjennomførast utan vidare utgreiing. 

Alle steinar skal snuast i Helse Førde.

– Vi har fått veldig mange innspel, og det har vore viktig for oss å vere trygge på at dei innspela er noko vi kan sjå vidare på. Vi jobbar breitt, heilt ned på einingsnivå, seier Varden.

Ikkje tilsettingsstopp
Til dømes kan det sjå ut som om Helse Førde har omlag 50 årsverk meir enn dei burde ha i høve rammevilkåra. Det er ikkje mogleg med tilsettingsstopp, men Varden fortel at det er gode og grundige prosessar rundt korleis ein tilset.

Det er heller ikkje eit tema å sei opp nokon. Innan helse er det høg «turnover», og ei nødvendig nedbemanning vil kunne gå føre seg naturleg.

– Men eg kan ikkje garantere at alle vil jobbe same stad som dei gjer i dag.

Det er nok framleis eit lite håp i Helse Førde om at det skal komme noko form for drahjelp over statsbudsjettet for å ro dette i land, men i pressemeldinga som Helse Førde sende ut torsdag førre veke er dei klare på at det ikkje er noko signal om dette.

Enn så lenge må Helse Førde gå ut i frå at dei manglar dei pengane dei ser ut til å mangle.

– Vi har den ramma vi har, til vi har noko anna, seier Varden.

Arve Varden under styremøtet i Helse Førde førre torsdag.
Tronvik øvst på lista

Administrerande direktør la også fram og gjekk igjennom dei 13 punkta dei har funne som vil krevje ein grundig gjennomgang før dei eventuelt kan gjennomførast.

Og øvst på denne lista står altså ei vurdering av det tverrfagleg spesialiserte rusbehandlingstilbodet på Tronvik, med nedlegging som ytste konsekvens. At det stør øvst på lista treng kanskje ikkje bety så mykje, og det var også det einaste forslaget som var varsla på førehand.

Varden forklarar at grunnen til dette var eit ønske om å spele med opne kort.

– Det kom fram at det var eit rykte som sa at Tronvik var på ei slik liste, forklarte han, og dermed hadde ikkje Helse Førde noko anna val en å bekrefte at det var tilfellet.

Styret får også ei omvising på Tronvik under styremøtet, og Varden understreka både at det ikkje er gjort nokon avgjersle eller at det er kvaliteten på Tronvik som eining som gjer at dei er å finne på lista.

– Omvisinga i dag har også synt oss at det som skjer her på Tronvik er det all grunn til å vere stolte over i Helse Førde, sa Varden.

Må løfte blikket
Men Helse Førde meiner dei har god kapasitet innan rus i føretaket. Tronvik har kort ventetid, har sjeldan fullt belegg, og har lengre behandlingstid enn ruseininga på Eid. Det er dette som gjer til at dei trur ein potensielt kan spare pengar på å legge ned eininga på Tronvik.

Seksjonsleiar Elin Lysne fortalde Ytre Sogn førre veke at ho ikkje trudde dette ville vere tilfellet. Er ikkje kapasiteten tilstrekkeleg må ein byrje å kjøpe plassar andre stadar, og då er utgiftene med ein gong høgare.

– Her må vi løfte blikket og hugse på kvifor vi starta opp Tronvik. Tidlegare brukte vi 24 millionar kroner på gjesteplassar og eg trur ikkje det vil vere god samfunnsøkonomi og legge ned, og heller ikkje god Helse Førde-økonomi, sa Lysne.

I dag er døgnplassar på Tronvik brukt av Helse Bergen, og det var stilt spørsmål på styremøtet om det er dialog om kva som vil skje med desse.

Seksjonsleiar Elin Lysne (t.v.) og administrerande direktør i Helse Førde Arve Varden diskuterer i ein pause. Lysne er klar på at ho ikkje trur det vil vere noko å hente økonomisk på å legge ned Tronvik.
Tronvik ei anna verd

Styremøtet gjekk føre seg i kantina på administrasjonsbygget på Tronvik, og det var nok fleire tilskodarar her denne dagen enn styremedlemmene er vande med på slike møter. I tillegg til presse hadde også lokalpolitikarar møtt opp, samt tilsette.

Nokre av pasientane på Tronvik brukte også delar av føremiddagen på å høyre om framtida til eininga. Ein pasient Ytre Sogn pratar med, som helst ikkje vil i avisa med fullt namn, fortel at dette er det første opphaldet hans på Tronvik, og kallar det «ei heilt anna verd».

– Eg har vore inn og ut av klinikkar i Bergen og Sandviken i form av tvangsinnleggingar, men å komme her, det var ei heilt anna verd. Å ha denne naturen rundt seg er fantastisk. Eg trur eg maste hål i hovet på dei som jobbar her i byrjinga, eg lurte på kor høge fjella er, kor kan vi gå, og så vidare, fortel han.

Han har vore her i tre veker, og fortel at det snart er tid for første perm. Før betydde det å ha perm å ha planlagt på førehand å ruse seg, og så kome tilbake på avrusing etterpå. 

– Her er det eit heilt anna opplegg der ein får rutinar, og finn ting å gjere og fylle dagane med. Eg har rett og slett kjent livsgneisten komme tilbake. Det er første gang eg skal på perm, og det er første gang eg ikkje har planlagt å ruse meg. Det ville vere å kaste vekk alt det arbeidet eg har gjort her desse vekene.

Vitnesbyrda i media dei siste vekene, både anonyme og opne, har sunge same melodi. Tronvik har eit unikt opplegg som har hjelpt mange.

Det blir også kommentert under styremøtet, at ein må vere varsam med å slå beina under Tronvik «når vi har eit så veldig godt tilbod som her». 

Avgjersla
No ventar altså 13 parallelle prosessar på 13 forskjellige innsparingspunkt. Kostnadar til at Tronvik består av verna bygg må med, og Helse Bergen er ein part Helse Førde må snakke med. Lønskostnadane vil bli dei same i helseføretaket, men dei tilsette må flyttast til nye arbeidsplassar, ein prosess som kostar tid og pengar.

Styret denne torsdagen er breitt einige om at det no er viktig med gode prosessar, og at ein ikkje gjer hastverksarbeid som ein må rette på seinare. I utgangspunktet skal avgjerslene takast i det siste styremøtet før jul, men styret snakkar også om at prosessane må kome først.

Om det dryg til januar eller februar før ein finn dei endelege løysingane, så må ein berre vente. I mellomtida ventar tilsette og pasientar, og kanskje ikkje minst pårørande, på ei avklaring om Tronvik si framtid.