Kasserar Bjørn Berge i midten overrekte Arvid Fimreite si bok "Med kjærleik til ei bygd" til Janne Kristin Bøyum og Heidi Johanne Bøyum som takk for god innsats i styret.

Årsmøte i Høyanger historielag

Onsdag kveld vart det halde årsmøte i Høyanger historielag med 19 personar til stades. Årsmeldinga synte at laget har vore aktivt og fått til mykje, mellom anna eiga nettside som dei vil utvikle vidare. Også årsrekneskapen syner ein sunn og solid økonomi.


Etter 10 år takka Janne Kristin Bøyum av som leiar i det ho skal forlate Høyanger til fordel for ny jobb på Svalbard. Også skrivar Heidi Johanne Bøyum takka av og dei vart begge heidra med boka "Med kjærleik til ei bygd" av Arvid Fimreite. 

Det hadde lukkast valnemnda å fylle alle styreverva og det nye styret ser slik ut:

Leiar Gaute Ljotebø, nestleiar Bente Nesse, kasserar Bjørn Berge, skrivar Reidar Hjetland og styremedlem Bente Iren Sæbø Øvreås. Vara er Einar Rysjedal og Nina Brekke. 

Det nye styret er frå venstre: Bjørn Berge, Reidar Hjetland, Bente Nesse, Gaute Ljotebø, Bente Iren Sæbø Øvreås og Nina Brekke. Einar Rysjedal var ikkje til stades.