Gaute Ljotebø i Høyanger historielag er spent på korleis årets årbok vil bli motteken av lesarane. Innhaldet er som alltid godt lokalhistorisk lesestoff, men årboka har fått ei visuell justering.

Årbok med nytt uttrykk

Høyanger historielag er tradisjonen tru klare med si årbok når julegranene blir tente landet rundt.


Høyanger historielag har gitt ut årbøker sidan 2011, og 2023 blir ikkje noko unntak. Men nytt av året er at årboka no har fått ein litt annan utsjånad.

– Vi har fått oss ein ny visuell profil i historielaget, og den blir også gjenspegla i årboka. Vi håpar at lesarane vil sette pris på at boka no er litt meir fargerik og har ein noko justert layout samanlikna med dei tidlegare utgåvene.

Det fortel Gaute Ljotebø som utgjer årboknemnda saman med Bjørn Johan Hjelmeland og Jan Anders Timberlid.

– Men innhaldet er som ein har blitt vant med i årbøkene våre. Her vil ein finne ti ulike kapittel fordelt på 128 sider, og det er mykje spanande og variert å lese om i årets utgåve.

Ny kunnskap
Formell lansering av årboka blir på eit arrangement på Valhall måndag 27. november, men sidan bøkene kom frå trykkeriet ei veke tidlegare enn estimert blir den å finne for sal i lokale butikkar alt frå fredag 24. november. Ljotebø fortel at det er ein god del ny kunnskap som kjem fram i årets årbok, og er spent på mottakinga av den blant lesarane.

– Frank Østevold sin gjennomgang av mjølkerutefarten på fjorden i tidlegare tider er svært interessant, og gir ny informasjon om ein del av lokalhistoria som ikkje har blitt nedskriven tidlegare. Av andre dømer kan eg trekke fram Jorun Systad sitt kapittel om eksersisplassen i Vadheim. Eg vil tru at det er ganske mange som ikkje er klar over at Bergenhusiske infateriregiment Divisjon II – Ytre Sognske kompani hadde øvingsstad på nedre Hovland i Vadheim mellom 1720 og 1886. Til slutt vil eg og trekke fram Geir Sørebø som har sett på aluminiumsindustrien frå sin ståstad som prest. Det er ein interessant artikkel med eit nytt perspektiv på ein viktig del av Høyanger-samfunnet.

Ljotebø fortel at historielaget merkar at industrisamfunnet Høyanger er i overkant av 100 år, for det er mange 100 årsjubileum for ymse lag, foreiningar og aktørar om dagen. Dei fleste kapitla som er med i årbøkene blir gjerne jobba med gjennom eit par år før dei kjem inn mellom permane. 

– No har vi gjort dette såpass lenge at vi har fått innarbeida gode rutinar for arbeidet. Og sjølv om dette er årbok nummer 13, noko som betyr at Høyanger historielag har produsert godt over 1500 sider med lokalhistorie sidan 2011, betyr ikkje det at det byrjar å gå tomt for ting å fortelje om. For kvar artikkel som blir produsert dukkar det gjerne opp ei handfull nye. Det er massevis av historier der ute, og vi har alt fleire som er under produksjon til framtidige årbøker. Så vi stoppar nok ikkje med nr. 13 heller.

Årets årbok frå Høyanger historielag inneheld mykje ny informasjon og innsikt, mellom anna om mjølkerutene som gjekk på fjorden i kommunen før.