Høyanger er kanskje eit lite industrisamfunn, men eitt som kan spele ei stor rolle for framtida til Noreg. Metallet Høyanger produserer skaper inntekter til det norske velferdssamfunnet og er med å trygge Europa i ei uroleg tid. Hydro vil vere med å ta vala som kan mogleggjere industriutvikling i nye 100 år i Høyanger.
Det er over 100 år sidan aluminiumsindustrien kom til Høyanger. Hydro Høyanger er eit av dei eldste aluminumsverka i Europa som framleis er i drift. Når Hydro neste år feirar 120 år i Noreg, gjer vi det som stolte eigarar av fem aluminiumsverk på vestlandet som produserer over30% av alt aluminium som vert laga i Europa. I Høyanger har vi moglegheiter til å skape eit nytt hundreår med industriprodusjon. Verket er det minste i Hydro, men eit av dei mest effektive. Med Høyanger Recycling og utbygginga av ein pilot for grønt hydrogen, er Høyanger heilt fremst i Hydros satsing på lavkarbon aluminium. Det gjer verket meir robust for framtida. Då arbeidet med å bygge aluminiumsverket i Høyanger starta, hadde allereie NaCo sikra seg konsesjon til kraftproduksjon i kommunen. Krafta og industrien blei bygd ut side om side. Det er den norske industrimodellen. Aluminium er kraft i fast form. Fornybar kraft til berekraftige prisar er det viktigste konkurransefortrinnet industrien i Norge har. Særleg er Hydro og aluminiumsindustrien avhengig av nok kraft til konkurransedyktig kostnad. Krafta utgjer 1/3 av utgiftene ved aluminiumsproduksjon. Difor er det heilt avgjerande at vi også i framtida har nok kraft, og kraft til ein pris vi kan betale. Hydro har vore tydelege: På den eine sida ser vi store moglegheiter for industriutvikling i Noreg og Høyanger, og dei siste åra har vi investert opp mot éin milliard berre i Høyanger. På den andre sida er det alvor i kraftsituasjonen, og alvoret er like om hjørnet. I 2030 går ei rekkje av dei langsiktige kraftavtalene til Hydro ut. 4 TWh forsvinn frå Hydros portefølje av kraftkontrakter. Det skjer samtidig som kraftprisen har blitt monaleg høgare enn vi er vande med i Noreg. Prognosane tydar på at krafta kan bli vesentleg dyrare fram mot 2030 og forbi. Forbruket av kraft aukar. Det gjer ikkje produksjonen. Då blir straumen dyrare. Krafttilgangen er ei absolutt forutsetning for å drive aluminiumsindustri. Og det er den einastei vår marknad vi kan påverke her heime. Verken Hydro, regjeringa i Noreg, eller kommunestyret i Høyanger, kan styre etterspurnaden etter aluminium, eller prisen på dei importerte råvarene produksjonen vår kviler på. Det vi kan påverke er tilgangen på kraft. Og det nyttar ikkje at det finst «nok straum» i kraftnettet – krafta må ein pris som er leveleg. Medan halvparten av aluminiumsindustrien i Europa har stengt ned sidan oktober 2021, har Hydro unngått oppseiingar og permitteringar i Noreg. Det skuldast mellom anna at vi har lange kraftavtalar. Men om seks år går ei rekkje av desse kontraktene ut på dato. Hydro har aldri vore så nære at så mange store kontrakter går ut utan å vere sikra ny inndekning. Det er grunnen til at Hydro som no dei fleste veit har gått saman med Eviny og Zephyr for å utvikle Snøheia Industrikraft. Eit vindkraftverk i Snøheia kan vere med å trygge krafttilgangen til Hydro Høyanger for framtida. Dersom Snøheia vert bygd vil krafta Hydro kjøper frå Snøheia gå til verket i Høyanger. Det kan dekkje store delar av kraftforbruket til verket. I tillegg ønsker Hydro, Eviny og Zephyr å gjere kraftvolum tilgjengeleg for industri og næringsliv i Sunnfjord. På den måten skal vi vere med å fornye den sterke koplinga mellom krafta og industrien som var føresetnaden for industriutviklinga i Høyanger og andre stader. Fleire, mellom anna Høyanger Kjemiske, har vore tydelege på at det er nettopp denne koplinga som trengs: Skal lokalsamfunnet i Høyanger sette av areal til vindkraft, det vere tydeleg at krafta Hydro kjøper skal gå til industrien i Høyanger. Og det skal ho. Førebels er det for tidleg å seie om Snøheia Industrikraft kan byggast ut. All kraftutvikling har ulemper ved seg. Vi kan lære av pionerane som bygde industrien i Noreg, men vi må også ta med oss lærdommen frå dei siste tiåra om behovet for å balansere kraftutvikling med å ta vare på natur og biologisk mangfald. Difor er det nødvendig at det vert gjort grundige konsekvensutgreiingar av kva følgjer eit kraftverk i Snøheia kan ha - både positive og negative. Først når desse utgreiingane er gjort kan Hydro og våre partnarar vurdere om vi ønskjer å gå vidare med dette prosjektet. Og først når utgreiingane ligg føre, skal kommunane ta stilling til saka. Spørsmålet som skal vurderast i haust er difor dette: Skal vi få fakta på bordet, eller ikkje.Leiar for aluminiumsverksemda til Hydro i Norge