Desse jentene var svært interesserte i korleis tangloppene oppførte seg. Frå venstre Sol Mathea Hatlestad, Live Julseth Lutentun, Lillian Dregelid, Victoria Dregelid og Nora Marie Høyvik Sundet.

1-2-3-klubben avrunda sesongen i Austreimsfjøra


Nok ein kreativ sesong er over for borna i 1-2-3-klubben på Kyrkjebø. Heile 18 born har delteke i ulike aktivitetar denne våren, og 14 av dei møtte fram til ein spennande ettermiddag i Austreimsfjøra onsdag i førre veke.

Med Nora Høyvik i spissen stilte fire styremedlemmer i Kyrkjebø Kvinne- og familielag med både is og pølser. Utan frys fekk dei isen først. Borna fekk og utlevert plastboksar til å samle skattar frå fjøra i. 

Live Julseth Lutentun er nøgd med fansten av tanglopper.

På skattejakt

Etter ein lang vinter er det mykje som rek i land av både søppel, plast og tre. Under fjøresteinane kan ein finne både krabber, blåskjel og tanglopper. Fleire av jentene var svært opptekne av tangloppene som vart nøye studert. 

– No må vi ha nytt vatn, for desse ser ikkje så bra ut, sa den eine jenta, medan ei anna sprang og henta ferskt sjøvatn.

Nokre gutar fann rekved og starta bygge hytte rundt eine sittegruppa. Området rundt vart og utforska og avlaupsrøyr vart spennande tunnelar. Borna for høgt og lågt og sette stor pris på fellesskapet ute i det fri. 

Samling til hausten

– Det borna finn, kan dei ta med heim og bruke som dei vil. Til hausten vert det ny sesong med 1-2-3-klubben. Då kan det dei finn i fjøra nyttast, men dette får borna bestemme sjølv, sa Nora Høyvik som skjenkte kaffi og delte ut bakkels. 

Styremedlem Kari Dale, var i full sving med å samle rekved i ulike storleikar med tanke på framtidige prosjekt. 

Fleire arrangement

– Men før det blir ferie, arrangerer vi medlemstur til Vik laurdag 25. mai, fortalde Nora Høyvik. 

– Dessutan blir det også i år jonsokfeiring i Austreimsfjøra, der vi er i dialog med eit anna lag når det gjeld samarbeid om sjølve bålet. Etter det vert det sommar og fri. 
Kyrkjebø Kvinne- og familielag står på for borna i bygda. Vi takkar for oss i det damene er fullt opptatt med servering av pølser og saft til glade born og foreldre.  

Bildeserie