WoodInWest får 500.000 i støtte


WoodInWest AS i Høyanger får ein halv million kroner til å kartleggje logistikkløysingar som kan bidra til auka industrialisering og lokal foredling av råvarer i skogbruksnæringa på Vestlandet.

– Vi ventar at denne kartlegginga vil gje oss nyttige svar om å bruke Sognefjorden som transportveg i samband med aktivitet knytt til skog, som vi no held på med forprosjekt om. På Vestlandet har vi som kjend heilt andre utfordringar enn til dømes på Austlandet, når det gjeld transport, med utfordrande terreng og lange avstandar til knutepunkt, seier styreleiar i WoodInWest, Harald Dagfinn Kjelstad, til Ytre Sogn.

Kartlegginga som dei no får støtte til hos Regionalt forskingsfond (RFF) Vestlandet vil blant anna sjå på korleis transporten kan gjerast meir effektiv, og dermed også bli lønsam.

– I dag er det altfor mykje kostnader med det, seier Kjelstad,

WoodInWest er eit utviklingsselskap med aktørar frå heile Sogn – frå Lærdal i aust til Gulen i vest. Selskapet vart skipa i fjor haust, og blant dei som er inne på eigarsida er Høyanger-bedriftene Per A. Øren Entreprenør, Skogstrans og T. Frivik Taubanedrift.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!