Vindkraft i Årdal og Høyanger?


Det har i den seinare tid rasa ein debatt både i Årdal og Høyanger rundt Hydro, og litt ulike samarbeidspartnarar sine planar for utbygging av vindkraft i fjella våre.

Vi skal være forsiktige med å konkludere, men vil gjerne ha fram litt fakta i debatten.

Me ynskjer ein debatt om korleis Årdal og Høyanger skal utvikla seg som samfunn i dei kommande åra, der behovet for fornybar energi og omstilling til det grøne skiftet vil vere avgjerande faktorar. Me meinar at debatten framover må vere kunnskapsbasert og at det er industri- og næringsaktørane sitt ansvar å gjere greie for behova sine. Me ventar at dei konkretiserer behovet for fornybar energi for å realisere framtidige prosjekt.

Både Årdal og Høyanger har vært, og er svært viktige for Sogn, dette med tanke på sysselsetting, busetnad, verdiskaping og næringslivet ellers i regionen. Vi kan vel slå fast at det ikkje hadde vore lys i vindaugo på sjukehuset i Lærdal, utan eit livskraftig Årdalssamfunn. 

Årdal verk forbruker ca 3,2 TWH, Høyanger forbruker ca 1 TWH. Dette er anlegg bygd i perioden 1960 til 1980, og sjøl om dei i dag er svært veldrivne, så varer ikkje dette evig. Utan at verka får ei utvikling i form av ny og moderne kapasitet så ser vi rett og slett at enden nærmar seg.

Konserndirektør Eivind Kallevik uttalte på folkemøtet i Høyanger i Januar, at vindkraft ikkje vil ha betydning for Høyanger verk si drift.

Dette er for så vidt riktig, men det betyr også at verket blir i status quo og berre så lenge selskapet har levedyktige kraftavtaler.

Det er tilgangen på billeg og nok kraft som har skapt desse samfunna, det samme kan vi og sei om Svelgen, og det er pris og tilgang på elektrisk kraft som no er ein trussel.

Hydro vil i nær framtid starte med CCS (Carbon Capture and Storage), altså fangst og lagring av Co2 på sine anlegg, målet er at alle eksisterande anlegg skal ha denne teknologien, den vil i seg sjølv krevje betydelege kraftmengder. Hydro vil da produsere fullstendig utan Co2 utslepp. Men ha behov for meir energi i eksisterande anlegg.

Mange hevdar at «om vi berre kuttar ut elektrifiseringa av nordsjøen» så har vi nok kraft. Til det må vi sei, at dette nok vil monne isolert sett, men samstundes ville da investeringane og sysselsettinga i nordsjøen og leverandørindustrien stupe, det vil føre til at lokalsamfunn som lever av «si hjørnesteinsbedrift» vil dø.

Det er ikkje elektrifiseringa som gjer at vi treng meir kraft, og vi må ha meir kraft både med og utan elektrifisering. Miljødirektoratet la nyleg fram ein rapport som viser at vi treng 34 TWH ny kraft dersom vi skal oppretthalde dagens arbeidsplassar, og samstundes nå klimamåla. Av dei 34 TWH er 25 på land og 9 til elektrifisering av sokkelen. Dette er altså kun for dagens arbeidsplassar, og ikkje medregna ny industri, eller nye næringar.

Mange vil og hevde at «Å elektrifisere for så å sende gassen til kontinentet kuttar ikkje i Co2 utsleppa.» Jo, det gjer det, då gassen vil gå inn i betydeleg større forbrenningsanlegg, der det er lettare å fange avgassane, desse anlegg vil også ligge nær tettbygd strøk, slik at ein på eit effektiv vis får nytta spillvarmen i frå eit slikt kraftverk. Gasskraftverk i nordsjøen er rett og slett fyring for kråkene. 

Det er og ei sanning, at det sivile forbruket har auka betydeleg dei seinare åra, og det sivile forbruket vil auke ytterlegare framover, her er faktisk den største forbruksveksten, elektrifiseringa har sin pris!

Her er det og eit potensial i at det må greiast ut om dagens infrastruktur (t.d. linjekapasitet, trafoar, damanlegg m.m.) knytt til kraftproduksjon kan vidareutviklast. 

Vi trur og meiner at dette er riktige vegval, gjort for å få ned klima avtrykket vårt, noko som er nødvendig for liv på planeten, men desse vegvala har altså nokre konsekvensar. Vi må  få inn ny kraftproduksjon, ganske fort, med prisar som kraftintensiv industri kan leve med.

Vi ser at enkelte ynskjer å ta omkampar rundt diverse politiske vegval dei seinare åra, energiloven av 1991 er eit døme, elektrifiseringa av nordsjøen er eit døme, vi kan sikkert nemne fleire, men det vi ser, er at det er usikkert om diverse reverseringar vil gje oss den ønska effekten, og den vil i alle fall ikkje komme fort nok. Prognosar i frå NVE, viser at landet vårt vil ha eit kraftunderskot i 2027, det er berre 4 år til.

Omkampar rundt politiske vegval er forresten lite fruktbart i eit industriperspektiv, stabile rammevilkår er det som er viktig for investeringslysta til næringsliv og industri. Vi meiner likevel at Norge som nasjon må vurdere nøyare kost/nytte rundt eksport av elektrisk energi, og begrense krafteksporten til eit minimum, krafta må brukast her! 

Fleire peikar på kjernekraft som ei løysing, det trur for så vidt vi og på, men vi erkjenner at denne løysninga ikkje er på plass før langt inn på 2040 talet, og at vi derfor vil ha mange år med betydelege kraftunderskot og industridød. Det må og nemnast at kjernekraft er ganske dyr energi, og med dagens pris på denne, så er den ikkje til nytte for nokon norsk industri i det heile.

Så til debatten rundt vindkraft.

Vi er ikkje udelt begeistra for denne energiproduksjonen heller, vi ser ulempene med visuell ureining, konflikfylte naboskap osb. Debatten bør difor handle om kvar vi skal ha desse anlegga, ikkje om vi skal ha dei, for dei er høgst nødvendige for å få inn meir produksjon.

Vi må og ha mot til å ta opp att diskusjonar rundt enkelte verna vassdrag, vi har over 400 verna vassdrag i landet vårt, medan Sverige har 5. Når vi ser i nyheitene at enkelte av desse vassdraga flaumer over nesten årleg, med skadar på lokalsamfunn, landbruksareal og busettnad, så gjer ein seg nokre tankar.

Vi seier ikkje umiddelbart ja til vindkraft på Sletterust og i Snøheia, men vi erkjenner at vindkraft er den einaste kraftkjelda som kan byggast så fort at den vil avhjelpe situasjonen i den norske kraftmarknaden, 25% av Hydro sin kraftportefølgje er allerede vindkraft, ein ganske stor prosent av elektronane vi forbruker sivilt er nok også vindkraft, det er ikkje til å komme i frå.

Vi må konsekvensutgreie, vi må ta nokre val, bygge der lokalsamfunn og folk kan leve med det, og har nytte av det. Vi vil gjerne vite prisen og kostnaden med slike utbyggingar. Menneska i dette landet har alltid nytta natur og landskap til sin fordel. Vi har alltid forbrukt natur, endra på den og gjort inngrep i den.

Historisk har fagrørsla i samarbeid med politikarane, lukkast i arbeidet med å binde krafta til produksjon i f.eks. Årdal. I pågåande konsesjonshandsaming for Fortun-Grandfasta stiller Årdal Kjemiske Fagforening og krav om lokal binding av krafta for å sikre industriell utvikling i Årdal.

Me vil fortsette å sette krav til Hydro om kva me skal bruke krafta til, både sett i lys av gjeldane bindingar, og Hydro som samfunnsbyggar. Når ein i debatten argumenterar med at utenlandske aktørar i kraftprosjekta stikk av med både kraft og profitt, så må det sjåast på som positivt at Hydro involverar seg i staden for desse utenlandske interessene. Også fordi det då er mogeleg å kunne ha ein open debatt og stille krav til det beste for både lokalsamfunn og naturvern. Me synest det vil vere dumt å seie nei til meir kunnskap i første omgang, og ei konsekvensutgreiing vil vere med på å ta ei beslutning om det er fornuft i prosjekta. Men då må me få ein vesentleg del av grunnlaget svara ut, kva skal me konkret med krafta?

Hydro vil enno ikkje gå inn på å knyte seg opp mot spesifikke prosjekt me har, men veit godt om alle dei gode prosjekta på begge fabrikkstadene, og ser potensialet i dei, elles ville dei ikkje engasjert seg slik dei gjer.

Skal samfunn som Årdal og Høyanger eksistere og utvikle seg framover, så må det inn meir kraftproduksjon, så enkelt, og så vanskeleg er det berre.

Torleif Sand
Leiar ÅKF

Lars Kjetil Skeie 
Leiar HKIF