Ytring frå Motvind Sunfjord og Ytre Sogn, ved leiar og nestleiar Ingunn Kjelstad og Einar Rysjedal.

Vindkraft i Årdal –⁠ eit forvarsel til andre bygder?


I Sogn Avis den 24. september, las vi om at «Populært turområde i Årdal kan bli vindmøllepark.». Dette kom nok svært overraskande på mange i indre del av fylket. Vindkraftselskapa har nemleg til no offisielt hatt fokus på naturområda lenger vest i fylket.

Etter NVE sitt forslag til Nasjonal ramme for vindkraft i 2019, har det vore kommunane Bremanger, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Kinn og Sunnfjord som har vore i vindkraftselskapa sitt søkjelys. Og det har vore godt kjent kva deler av kommunane som er truga og dermed kva bygder og fjellområde som kan få vindturbinane inn på seg.

Etter at Nasjonal ramme for vindkraft vart trekt, var det mange som trudde at trusselen mot naturen blei svekka. At også Årdal no kom i skotlinja, bekreftar derimot at alle fjella våre er fritt vilt for vindkraftutbyggjarane. Vindkraftselskap kan ha kontakta andre kommunedirektørar enn Stark-Johansen i Årdal. Bygdelag og fjellomåde, som ikkje før har vore trua av vindkraft, kan no kome i same pressa situasjon som områda mellom Høyanger og Viksdalen har vore i tre år.

Vi frydar oss difor over å lese kommentarane på Sogn Avis si Facebook-side, som gjev godt håp om at hittil ukjende vindkraftplanar i bygdenære område og kjære fjellandskap vil møte sterk lokal motstand.

Ikkje minst gledeleg var Aleksander Øren Heen sin kommentar til vindkraftplanane i Årdal: «Eit heilt meiningslaust forslag. Årdal har ofra nok natur for kraftproduksjon. Lat oss heller bygga næring ved å bruka den flotte naturen, ikkje bygge den ned.»

Det gler oss ekstra at Øren Heen seier dette ettersom han no er i ei sentral rolle i regjeringa som statssekretær i Klima- og miljødepartementet. Øren Heen talte også i 2019 tydeleg mot vindkraft, men då med ei framståande plassering på SP si fylkestingsliste.

Det er så altfor mange som skiftar syn når dei kjem til Oslo og opp i samfunnshierarkiet. Vi fryktar at dei gløymer kven dei er valt av og for. Øren Heen si rake haldning i 2019 og hans tydelege uttalar mot vindkraft i Årdal no i 2022, gjev oss håp og forventning. Forventninga er at han som statssekretær og vestlending også kan stå opp i forsvar for andre bygdelag og fjellområde. Det gjeld ikkje minst der innbyggjarane, tilliks med årdøler, har trudd at dei var fritekne frå slik naturøydelegging som vindkraft er.

Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn
v/leiar Ingunn Kjelstad og nestleiar Einar Rysjedal