Vil tilby sjukepleiarar 150 000 kroner i stipend




Allereie frå i haust vil administrasjonen i Høyanger kommune tilby økonomisk støtte til sjukepleiararstudentar, mot at dei bind seg til å jobbe i kommunen. 



I forslaget som vart presentert for medlemmene i formannskapet denne veka er det føreslått å opprette fem stipend på 50 000 kroner per skuleår, eller totalt 150 000 kroner fordelt over tre år.


- Det vil seie at studentane får ei utbetaling på 5000 kroner i månaden, mot at dei bind seg til arbeid kvar tredje helg og i feriiar gjennom studietida, samt arbeider i kommunen i to år etter at dei er ferdige med studiet, seier personalsjef Arnvid Hovland, som i lag med avdelinga si har utarbeidd forslaget.

- Med full uttelling inneber dette at vi om tre år kan ha fire-fem nye sjukepleiarar i kommunen i minst to år - og håpe på at dei blir verande endå lenger, seier han.

Bakgrunnen for det heile er at kommunen over tid har mangla sjukepleiarar, primært ved sjukeheimane. Sidan i fjor vår har dei måtte leige dei inn i sjukepleiarar frå vikarbyrå, noko dei kjem til å halde fram med i alle høve ut året. 


Les meir om forslaget i siste Ytre Sogn!