Vil skape ny, grøn industri i Sogn


Saman med resten av WoodInWest er styreleiar Harald Kjelstad i gang med å sjå på korleis dei kan skape nye, grøne arbeidsplassar langs Sognefjorden, knytta til skog.

Og han har tru på at dei kan lykkast.

- Eg blir meir optimistisk for kvart møte vi har, og det er eg ikkje minst på grunn av fagkunnskapen som vi sit med i styret i det nye utviklingsselskapet. Vi ser no på korleis vi kan skape meir aktivitet lokalt i Sogn, knytt til skog som råvare, framfor å eksportere det. I den samanheng ser vi også på å ta i bruk Sognefjorden til transport - frå Lærdal i indre Sogn til Gulen i ytre. Til det har vi med ei rekkje dyktige og erfarne folk, som representerer heile den verdikjeda som vi no jobbar med, basert på dei naturgitte råvarene våre. Dei viser entusiasme og samarbeidsvilje, som gjer at eg blir meir optimistisk for kvart møte vi har. Så dette er eit prosjekt eg har tru på, seier Harald Kjelstad og nemner blant anna T. Frivik Taubanedrift i Høyanger, som er store innan hogst og Per A. Øren Transport i Høyanger og Kårstad i Gaular, som begge driv med transport.
- Det var også noko av grunnen til at eg sa ja til å bli styreleiar i WoodInWest då eg vart spurt om det - at vi fekk med oss desse folka, med den
fagkunnskapen dei sit med, seier han til Ytre Sogn.

Transport på fjorden


WoodInWest, med forretningsadresse i Høyanger, er eitt av to selskap som no er etablert i Sogn med tanke på å bruke råstoff som det finst mykje av i fylket, men som i dag ikkje blir utnytta fullt ut.

Bak det andre - Ecoinowaste på Kaupanger - står avfallsselskapet Simas og med det alle kommunane i Sogn regionråd. Dei ser på korleis dei kan bruke avfallet lokalt som i dag blir transport 720 kilometer til Sverige for handtering, ved å starte pelletsproduksjon i Lærdal, som blir sendt til bioenergianlegg. Det vil i så fall også trenge bark og flis frå skog, i tillegg til avfall.

I WoodInWest jobbar dei på tilgangen på råstoff og logistikk.

- Vi ser blant anna på måtar å transportere pellets, tømmer og andre trebaserte produkt ved å ta i bruk Sognefjorden, og då kan lektarar vere aktuelt når vi skal flytte det frå veg og over til fjord, og sidan til utskipingshamna i Skipavika Næringspark i Gulen. Der ser vi for øvrig også på anlegg for utvikling av produkt av tømmer, som til dømes sagbruk, seier Kjelstad.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!