Vil skape møteplass for hageinteresserte


 

- Målet med Hjertebladhagens hagebutikk er å skape ein møteplass for folk, anten ein er hageinteresserte, eller berre vil treffe andre, seier Merete Iversen til Ytre Sogn under opninga laurdag.

Etter månader med førebuingar var det laurdag klart for opninga av Hjartebladhagens hagebutikk i Skifjorden i Hyllestad.
– I jobben min som forretingsutviklar i bedrifta Hjartebladhagen som eg starta i 2014 har eg drive mykje med næringsutvikling i regionen, og det som går igjen hos mange av kundene mine er at dei har lyst til å skape møteplassar og aktivitet i nærområdet. Så då eg flyttet hit til Skifjorden var det noko eg ønskte å få til. Det skal vere like mykje ein møteplass, som ein butikk, seier Merete Iversen til Ytre Sogn.

Les meir om saka i Ytre Sogn tysdag!