Lokale nyhende frå Ytre Sogn 21. november 2017
Ytre Sogn 21. november 2017

Vel eit år har gått sidan forretningsmannen Knut Hordvik frå Bergen kjøpte den tidlegare landhandelen Chr. Vik i Vadheim.

Vil skape liv i Viken–bygget

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 3. juli 2017

– Plasseringa, midt i krysset der E39 møter Fv 55 i Vadheim sentrum, var ein av grunnane til at eg kjøpte dette bygget, seier Knut Hordvik.

Forretningsmannen frå Bergen står utanfor den gamle landhandelen Chr. Vik, eller Viken som den gjerne blir kalla av dei som bur i Vadheim. Bak han er folk på veg inn og ut av bygget, som denne laurdagen er omgjort til brukthandel, med både nye og gamle møblar som alle kan by på.

– Eg tenkte at den årlege Vaimamarknaden var eit fint høve til å få seld noko av dette. Og så skaper det jo liv og røre i bygget, slik det er i resten av sentrum. Det er slik eg gjerne vil ha det, seier Knut Hordvik og smiler.

For etter kvart håpar han at det blir anna næringsverksemd som vil fylle 1. etasje i sentrumsbygget i Vadheim. I 2. og 3. etasje er det planar om i alt fem leilegheiter.

Les meir om planane hans for Viken-byggeti Vadheim i tysdagens Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring

Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord