Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. desember 2019
Ytre Sogn 14. desember 2019

-Det vilalltid vere knytt uvisse til rehabilitering av eit 50 år gamalt bygg, skriv rådmannen i saksutgreiinga si.

Vil koste 32,4 mill å rehabilitere samfunnshuset

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 25. november 2019

Høyanger samfunnshus vil bli vel 10 millionar kroner dyrare å rehabilitere enn dei første estimata tilsa.

Dei var nemleg på 20 millionar kroner. No er det klart at ein vil kome opp i 32,4 millionar kroner. 



– Kalkylar tidleg i prosessen er svært usikre. Det er ikkje uvanlig å operere med ein feilmargin på +/- 30 prosent. For samfunnshuset sin del var det heller ikkje medrekna utskifting av kinostolane i den første kalkyla. Det er estimert til 1,7 millionar kroner, og byggekostnader er difor no estimert til 28,2 millionar kroner, skriv rådmann Kjellaug Brekkhus i utgreiinga si til formannskapet, som får saka på bordet i møte torsdag.



– Samstundes vil det alltid vere knytt uvisse til rehabilitering av eit 50 år gamalt bygg. Omfanget av til dømes asbestsanering kan bli større enn kalkulert, behovet for utskifting av lys likeeins, og det kan kome nye brannkrav. Difor er det rett å leggje inn ein reserve på 15 prosent for uføresette kostnader. 



For samfunnshuset sin del utgjer det 4,2 millionar kroner. Dermed kjem ein opp i 32,4 millionar kroner totalt. Innan dei kan sende prosjektet ut på anbod, må imidlertid kommunestyret godkjenne den reviderte prosjektkostnaden. Det blir i så fall på møtet den 12.desember. 



Rådmannen tilrår at 11,65 millionar kroner blir innarbeidd i 2020-budsjettet, medan dei resterande kostnadene blir sett av i økonomiplanen for 2021.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord