Vil ikkje vere med på kutt i bortebuarstipend


– Dette er ikkje eit kutt Ap vil vere med på, seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø frå Høyanger.

Partiet henna ønskjer å skjerme distriktsfylka, som blir hardast råka av forslaget om å kutte i bortebuarstipendet, og vil la det vere på nivået som er i dag.
I dag kan elevar som tek vidaregåande opplæring få stipendet om dei ikkje bur hos foreldra sine, og avstanden mellom heimen og skulen er 40 kilometer elller meir, eller om reisetida er tre timer eller meir per dag. Regjeringa vil som kjend heve avstandsgrensa til 60 kilometer, noko som gir eit kutt på 21,2 millionar kroner.

– Vi vil ikke gjere det vanskelegare for elevar i distriktsfylke å ta den utdanningen dei ønskjer, og i vårt alternative statsbudsjett føreslår vi difor å reversere kuttet, slik at stipendet forblir på dagens nivå, seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) når vi møter ho i kantina på Høyanger vidaregåande skule, i lag med elevane Evy Birkeland Søreide og Andrine Norevik Hjelmeland.

Dei blir begge råka om forslaget går igjennom.

– Stipendet er viktig – ja, heilt avgjerande – for at vi kan bu og gå på skule i Høyanger, seier dei to til Ytre Sogn.

Les meir i Ytre Sogn fredag!