Vil ha rock- og bluesklubben opp og gå igjen


– Vi har lyst til å vere med og skape litt meir aktivitet på utelivsfronten i Høyanger, seier Svein Rune Moi og Jan Harald Norevik.

Saman med tredjemann Vidar Nygard har dei no bestemt seg for å prøve å få Høyanger Rock og Bluesklubb opp og gå igjen, etter at den meir eller mindre har lege nede i ti år.

Treng fleire

– Siste åra har det som oftast vore i samband med høgtider som jul og påske at folk i Høyanger har moglegheiter til å gå ut og høyre livemusikk. Vi ønskjer at dei også skal ha det elles, og tenkte «kvifor ikkje prøve å dra klubben i gang att?», og bidra til at det skjer noko positivt på utelivsfronten igjen, med jamlege konsertar, seier Svein Rune Moi og får samtykkjande nikk frå Jan Harald Norevik.

– Det kom opp første gong i vår, og Anita Nordheim var vel den som sørga for at nettopp vi tre byrja å prate om det, seier han.

Saman med Vidar Nygard utgjer dei klubben sitt interimstyre. Neste steg vert å få på plass eit fast styre, og dei vil gjerne ha med fleire.

– Om det er folk som har lyst til å vere med er det berre å ta kontakt. Det gjeld også i samband med arrangement, som til dømes billettsal og liknande på konsertar, seier dei to.

Kor ofte det vert konsertar er førebels ikkje avklart, men dei håpar at det i alle fall vert nokre i løpet av året.

Første band

Og staden vert no – som før – Joss Pub, i kjellaren på Høyanger Hotell.

–Det er jo det som er rock- og bluesscena i Høyanger, med nokre legendariske konsertar opp gjennom åra. Og dei sa ja med ein gong vi spurde om dei stilte opp igjen, noko vi er veldig glade for, seier Moi og Norevik.

Første konsert vert 5. oktober, når det Sandnes-baserte rockebandet Ingenting står på scena.

– Det er stort å få dei til Høyanger, og det har vel kanskje med at gitarist Arne Olav Nygard er herifrå. Han er ein musikar med lang fartstid, som også held til i Sandnes, og vart med i bandet i 2016. Ingenting har imidlertid halde på i over 25 år, seier Moi.

Både han og Norevik er spente på den første konserten, sidan den vil leggje mykje av premissane for aktiviteten framover.

– Vi startar omtrent på botnen, i alle høve økonomisk. Men vi håpar at det skal gå rundt, og helst endå litt meir, seier Norevik.

Dei har også oppretta facebook-sida Høyanger Rock og Bluesklubb, der ein kan følgje med på det som skjer framover.