Vil ha bubilparkering ved Høyangerbadet


Sven Erik Lillehauge meiner at å leggje til rette for bubilparkering ved Høyangerbadet vil kome ikkje berre dei, men alle nærngsdrivande i tettstaden til gode.

– Stadig fleire vel å reise med bubil, og difor er også behovet for fleire oppstillingsplassar til dei stort, også i Sogn. Det bør Høyanger, som har peika ut turisme som eit viktig satsingsområde, nytte seg av, seier Sven Erik Lillehauge, driftsleiar ved Høyangerbadet, til Ytre Sogn.

Og han meiner at området ved badeanlegget på Hjetland, der hybelhusa står i dag, vil vere eigna. Riving av dei to husa ligg i dag inne i kommunen sin økonomiplan med 1,1 million kroner.

– Dette er eit attraktiv område, med ei rekkje tilbod i umiddelbar nærleik. I tillegg til badeanlegg, finn ein både sandvolleyballbane, klatrepark og fotballbane her. Området er dessutan sentrumsnært, med kort veg til butikkar og kaféar, og der kan ein også vere med på byvandring, besøkje museum og galleri og anna, seier Lillehauge.

Han peikar på at det heller ikkje vil vere i konkurranse med andre overnattingsbedrifter i Høyanger.

– Tvert om. Det vil opne moglegheiter for dei som vil satse på aktivitetar for turistar, som til dømes utleige av sykkel, kajakk og liknande. Så dette er noko alle næringsdrivande i Høyanger vil kunne dra nytte av, i form av auka omsetnad, seier han.

Ståle Brandshaug, leiar i Visit Sognefjord, trur at bubilparkering med tilhøyrande fasilitetar kan vere positivt for utviklinga av turisme i Høyanger.

– Sogn har aukande behov for å tilretteleggje oppstillingsplassar og tømmestasjonar for den aukande bubiltrurismen. Område som er godt tilrettelagde vil kunne få auka del besøkjande, meiner han,
Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!