Lokale nyhende frå Ytre Sogn 22. juli 2019
Ytre Sogn 22. juli 2019

Aktivitetskortet som blant andre Anita Nordheim (biletet) no tek til orde for vil blant anna gje born og ungdom i Høyanger billettar til ei rekkje fritidsaktivitetar, til sterkt reduserte prisar. Det gjeld blant anna kino, musuem og galleri, som alle er finne rundt Bytorget.

Vil ha aktivitetskort for born og unge

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 29. januar 2019

–Vi vil gje fleire born og unge høve til å delta på ulike fritidsaktivitetar, seier Anita Nordheim i Høyanger kommune til Ytre Sogn.

Som eit heilt nytt tilbod ønskjer tenesteområdet hennar, Kultur og folkehelse, no å innføre aktivitetskort for born og unge i alderen 10-19 år, som vil gje dei tilgang på ei rekkje fritidsaktivitetar – til sterkt reduserte prisar. Kortet har ein reell verdi på om lag 750 kroner, men vil bli seld for 300 kroner.

– Både i den nye kulturmeldinga og i kommuneplanen sin samfunnsdel vert aktivitetar for born og unge løfta fram som svært viktig for ein god oppvekst. Eit slikt kort vil underbyggje dette, ved å gje fleire høve til å ta del i ulike aktivitetar. Vi håpar at det kan bidra til auka inkludering og utjamning i samfunnet, seier Anita Nordheim, kommunalsjef for kultur og folkehelse i Høyanger, til Ytre Sogn.

Saka kjem opp i Utval for kultur og folkehelse i møte torsdag denne veka, og administrasjonen si tilråding er å vedta å innføre eit slikt kort.

Ifølgje tilrådinga skal aktivitetskortet for 2019 innehalde dette:
* Høyanger kommunale kino 3 stk. billettar
* Høyangerbadet 5 stk. billettar
* Ungdomsklubben 2 stk.billettar til eitt arrangement
* UKM lokalmønstring 1 stk. billett
* Gunnar S. Galleriet 2 stk. billettar
* Høyanger Industristadmuseum 2 stk.billettar

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord