Vil etablere oppvekstsenter i Bjordal, Lavik, Vadheim og Kyrkjebø


Høyanger Ap vil heller etablere oppvekstsenter i Bjordal, Lavik, Vadheim og Kyrkjebø, enn å legge ned skular og barnehagar.

Det kom fram på folkemøtet i Høyanger samfunnshus måndag kveld, der Telemarksforsking (TMF) la fram den endelege rapporten sin om barnehage- og skulestruturen i kommunen.

- Vi registrerer at det er høvesvis lite pengar å spare på å leggje ned barnehaga og skular, og å flytte ulikeklassetrinn mellom skulane. Difor vil Høyanger Ap heller be administrasjonen om å etablere oppvekstsenter i Bjordal, Lavik, Vadheim og Kyrkjebø, sa ordførar Petter Sortland til dei rundt 100 personane som hadde møtt opp i samfunnshuset.

I rapporten vert det blant anna peika på at Høyanger har mange skular og barnehagar etter barnetalet, og at dei fleste einingane difor er små. Det fører til at utgiftene per barn eller elev er høvesvis store. Samstundes tyder framskrivingar av talet på born i barnehagealder på ein nedgang til om lag 175 born i alderen 1 – 5 år frå 2022. For grunnskulen kan ein vente ein nedgang til om lag 375 elevar i 2031. Nedgangen er venta i alle skulekretsane, med unntak av Kyrkjebø. I dag ligg samla tal elevar i grunnskulen på rundt 500 og born i barnehagealder på rundt 200.

Kjetil Lie og Helge Støren frå TMF presentert så ulike strukturelle endringar som vil kunne gje innsparingar, med nedlegging av Vadheim barnehage, Vadheim skule og Kyrkjebø skule som det mest omfattande. Det vil, ifølgje dei to, gje ei venteleg innsparing på 5,0 millionar kroner. Ei mindre strukturell endring, som å leggje ned Vadheim barnehage og skule, vil gje innsparingar på rundt 2,4 millionar kroner.

- Dersom vi til dømes kuttar fire barnehagestyrar-stillingar vil vi potensielt kunne spare ein plass mellom 2,5 og 3,0 millionar kroner per år i lønskostnader. Dette gir større innsparingar enn til dømes å leggje ned Vadheim skule, sa Sortland.

Administrasjonen i Høyanger skal no gå gjennom rapporten, før dei kjem med si innstilling til politikarane.

Les meir om folkemøtet i Ytre Sogn fredag!