Vil behalde HNU som eige selskap


Med tre mot ei røyst går formannskapet inn for at nærings- og tiltaksarbeidet i Høyanger kommune framleis vert organisert gjennom Høyanger Næringsutvikling AS.

Det var Arbeidarpartiet ved Kristin Sagerøy Råsberg som kom med framlegget, som vart støtta av Senterpartiet. Raudt gjekk derimot inn for administrasjonen sitt framlegg, om at dette arbeidet vert organisert i eit tenesteområde beståande av einingane Plan og forvaltning og Drift og vedlikehald, samt ei nyoppretta eining for Næring.

Takast grep

- Føremålet til HNU skal som før dere å «drive aktiv næringsutvikling ved å setje i verk og drive fram kompetansehevende og næringsfremjande tiltak, både i nye og eksisterande verksemder, påpeika Råsberg i innlegget sitt.



Samstundes kom dei med framlegg om at det måtte takast ein del grep for å styrke samarbeidet mellom HNU og kommunen. 

Det går blant anna på å halde fram med å utarbeide strategiske næringsplanar, som vert følgd opp med årlege handlingsplanar. Det må også etablerast rutiner for årleg rapportering av næringsarbeidet til formannskap og kommunestyre, samt at rådmann og næringssjef vert bedt om å utarbeide praktiske reglar for samhandling mellom HNU og den kommunale forvaltninga. 



- Dette arbeidet skal prioriterast. 



Vidare oppmodar dei lokalt næringsliv til å re-etablere Høyanger Næringsforum som skal fungere som interesseorganisasjon for næringslivet.



- Noko av problema med dagens organisering går blant anna på uavklarte roller og oppgåver, sa Ap-representanten. 



Ho viste også til innspela som var komne frå verksemder som gjekk på at dialogen må bli betre, både mellom HNU og kommune og HNU og næringsliv.

Fekk støtte


Framlegget vart støtta av Senterpartiet ved Eirin Borlaug. Ho hadde likevel fleire spørsmål rundt HNU og deira bidrag til å utvikle næringslivet i kommunen, og meir informasjon rundt dette. 



- .Kva vert til dømes gjort for å sikre at alle verksemdene i kommunen er med, både små, mellomstore og store? spurde ho, og viste til at HNU forvaltar store verdiar for kommunen, ved den årlege løyvinga på tre millionar kroner.



- Korleis forvaltar dei midlane frå kommunen, slik at vi får mest mogleg ut av dei? Det saknar eg tydelegare informasjon om, sa Sp-representanten og viste til at dei gir HNU stor tillit.



- Det krev stor grad av openheit tilbake, sa ho.



Einar Rysjedal frå Raudt gjekk derimot inn for administrasjonen sitt framlegg.



- Eg trur ikkje organiseringa er avgjerande. Eg støttar likevel administrasjonen sitt framlegg om å prøve ein annan modell. Det er verdt eit forsøk. Vi har ikkje hatt den utviklinga i folketalet vi har som mål. Heller ikkje når det gjeld talet på nye arbeidsplassar. Det er ikkje berre spørsmål om organisering, men også måten ein jobbar på. sa Rysjedal.



Det er kommunestyret som gjer endeleg vedtak i saka. Det skjer på møtet torsdag i neste veke