Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. oktober 2019
Ytre Sogn 14. oktober 2019

Ronja Storm ved kai på verftet i Leirvik. (Pressefoto: David Zadig)

Verdas største på plass ved verftet i Leirvik

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 25. februar 2019

Skroget til Ronja Storm ligg no ved Havyard-verftet i Leirvik, klar til å bli verdas største brønnbåt.

Lasse Stokkeland, dagleg leiar ved Havyard Ship Technology, peikar på verftet si erfaring med bygging av brønnbåtar og seier at dei er klare.
– Vi har førebudd oss lenge, og både i planlegginga og i byggearbeidet dreg vi nytte av at dette er eit komplett Havyard-produkt. Vi har full tilgang til kompetanse på alle felt, seier han.

Ronja Storm vert bygd for Sølvtrans som skal leie ut brønnbåten til Huon Aquaculture i Tasmania utanfor Australia, og skal overleverast hausten 2019.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord