Vedlikehaldsetterslep på 20 millionar


Det vil koste heile 20 millionar kroner å ta att vedlikeghaldsetterslepet på bustadane som Høyanger kommune eig. No føreslår dei å selje unna fleire, slik at dei kan få gjort noko med det.

– Kommunen eig i dag 100 bustader, og mange av dei er i dårleg forfatning, og ikkje leigd ut. For tida gjeld det 28. Midlar som er sett av til å rehabilitere - 1 300 000 kroner i 2017 og 900 000 i 2018 - held berre til å ta det løpande vedlikehaldet. Det er for lite til å rehabilitere, og vi kan ikkje sjå at det blir lettare å finne midlar i økonomiplanen. Difor vil vi no selje nokre av bustadane, for å finansiere det, sa Bjørn Berstad, prosjektleiar i Høyanger kommune, då han tysdag orienterte formannskapet om gjennomgangen dei har hatt av bustadane dei sit med.

Og den viser at etterslepet på vedlikehald er stort.

– I 2016 vart etterslepet vurdert til 16,8 millionar kroner. Men det var eit konservativt estimat, der ein tok utgangspunkt i rundt 200.000 kroner per leilegheit. I dag snakkar vi om 500 000 kroner per leilegheit, og kjem nok opp i 20 millionar kroner totalt, sa han.

Difor har dei no utarbeidd ei liste over bustader dei kan selje:
1) Prestebustad i Lavik
2) Prestebustad i Høyanger
3) Hjetlandsbakkane,
4) Dalebøen
5) Einar Ramslis gate

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

Midlar som er sett av til å rehabilitere bustader - 1 300 000 kroner i 2017 og 900 000 i 2018 - held berre til å ta det løpande vedlikehaldet, sa prosjektleiar Bjørn Berstad (t.h.) då han orienterte formannskapet.