Valresultat Høyanger kommune

Arbeidarpartiet er framleis klart størst, Senterpartiet har størst nedgong, medan nykommaren INP sikra seg sine første kommunestyrerepresentantar.


Kommunepolitikken i Høyanger går ein spanande periode i møte. Arbeidarpartiet får 8 representantar i kommunestyret, Senterpartiet 5, Raudt 3, Industri- og Næringspartiet 2, Høgre 2 og Sosialistisk Venstreparti 1. Dette betyr, mellom anna, at Arbeidarpartiet og Høgre som dei to einaste partia som har sagt ja til oppstart av konsesjonsprosess med påfølgande konsekvensutgreiing av vindkraft på Snøheia ikkje har fleirtal i kommunestyret.

Ordførar Petter Sortland sit nok etter alt sannsyn framleis trygt i ordførarstolen, men kommunestyret i Høyanger består no av mange parti som kan gruppere seg på ulike måtar i ulike saker, og danne ulike fleirtal. At nykommaren INP fekk to representantar er også eit interessant aspekt ved lokalvalet i Høyanger. Korleis vil deira inntog prege dynamikken i lokalpolitikken i kommunen? Det vil vi få svar på dei neste fire åra.