«Vær så god Helse-Norge»


–Vær så god Helse-Norge – slik skal det gjerast! 

Dette var dei første orda til Malin Frøyen Bergset etter at ho passerte målgang i Møkster Ultra laurdag, på tida 7 timar og 40 minutt.

Ein lang kamp og eit nærast umogleg mål vart nådd då Malin hadde sprunge 63,3 kilometer på den vesle øya Møkster, ytst i havgapet sør-vest for Bergen, laurdag 4. august. Ho hadde gjort det umogleg mogleg. Malin har levd eit liv med ryggmargsbrokk, og har opp igjennom åra gjennomgått eit uttal operasjonar. Maraton og ultraløp står ikkje øvst på lista for dei med denne diagnosen, men Malin har trossa alle og køyrd sitt eige løp – og lykkast med det.

Les meir i Ytre Sogn

Malin Frøyen Bergset kan sleppe jubelen laus etter å ha fullført Møkster Ultra (63 292,5 meter) laurdag. Her saman med Geir Dybdhal (t.v) og Terje Lyngstad.

Malin Frøyen Bergset saman med landets beste Ultraløper. Ultrakongen Bjørn Tore Kronen Tananger er saman med Malin begge ambassadørar for skomerket Hoko One One.