Uthus med amerikanske vibbar


Når ein kjem inn i uthuset til Dag André Nesse på Sæbø i Høyanger kunne det like gjerne vore i ein amerikansk diner langs Route 66.

Inspirasjonen som er henta derifrå er i alle fall tydeleg.

– Folk blir litt overraska når dei ser dette. Utanfrå ser jo huset ganske nøytralt ut, seier Dag André Nesse og ler.

Han står på det sjakkrutete golvet i oransje og svart, midt i uthuset som følgde med då han overtok bustadhuset i Sæbøgata for snart 15 år sidan. Men innreiinga rundt han er alt anna enn nøytral, tydeleg inspirert av dei amerikanske diner’ane frå 1950-talet, med si stilreine, fargerike innreiing.

– Det var slett ikkje planen å ha det slik. Vi - det vil seie Linda som eg er i lag med, dottera hennar Victoria og eg - tenkte først på å lage til ein bar i countrystil, med kjerrehjul og det heile. Men det gjekk vi etter kvart bort frå, ikkje minst etter at vi kjøpe golvet, seier Nesse og nikkar mot rutene som er typiske for diner-stilen, og som dei valde i svart og oransje.

– Sidan er resten tilpassa det, seier han, og gir dei to jentene mykje av æra for korleis det har blitt.

I rommet er det funne plass til både sitjegruppe og bardisk, i fargar som gult, raudt og grønt. På veggane heng det skilt, bilete og postere som underbyggjer den amerikanske stilen. Og for å gjere det heile komplett er det montert neonlys langs heile veggen.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Stilreint og fargerikt. Rommet er tydeleg inspirert av dei amerikanske diner’ane på 1950-talet.