Utferda alt for mange naudpass


-Mange er alt for lite flinke til å sjekke utløpsdatoen på passet sitt før dei skal ut og reise, slik at dei må søkje om naudpass. Dette er ei naudløysing, men inga god løysing, seier førstekonsulent ved Høyanger lensmannskontor Eli Siv Eide Simonsen til Ytre Sogn.

Med sommar og ferietid er det mange som vel å ta turen til varmare strøk. Ein av dei viktigaste tinga som då må vere på plass - er pass med gyldig dato.
-I år har det vore utferda veldig mange naudpass, også kalla midlertidig pass. I sommar har det rett og slett vore kaos grunna stor pågang, noko som har ført til problem både i høve materiell men og i produksjonen. Mykje av grunnen til dette er at folk rett og slett er for lite flinke til å sjekke utløpsdatoen på passet sitt før dei skal ut og reise. Her på lensmannskontoret i Høyanger har vi ope alle kvardagar, slik at vi har klart å halde unna den store pågangen. Men ikkje alle stader har det, difor oppmodar vi folk til å vere ute i god tid når dei skal søke om - eller fornye passet sitt. Den beste tida å gjere dette på er i den rolege perioden mellom september og mars, i staden for midt i høgsesongen då det ofte blir kø og lang ventetid, seier Simonsen.

Stor pågang i høgsesongen
-Det er ikkje berre folk frå Høyanger som kjem innom til oss for å ordne passa sine. Det gjer også tilreisande som bur i byane, men har tilknyting til Høyanger. Dei vel å ordne det når dei er på vitjing her fordi ventetida i byen kan vere opp til to månadar lang. Dersom ein søkjer om naudpass rett før ein skal ut å reise, er det viktig å vite at det ikkje er sikkert at politiet har kapasitet til å behandle søknaden din før du skal reise, fortel ho.
Naudpasset er oransje og handskrive og gjeld berre for ei reise som det også må leggast fram dokumentasjon for. I tillegg må dette leverast inn til politiet, pass-styresmakta eller grensekontrollen når ein kjem tilbake frå reisa. Eit slikt naudpass kan ein berre få utferda to gangar i løpet av ein femårs-periode, og det er ikkje gyldig i alle land, som til dømes USA og Dubai.

Sogndal eller Førde
I dag får ein utferda pass ved Høyanger lensmannskontor, men passkiosken der vil etter kvart bli stengt.
–I løpet av 2019 kjem det nye ID-kort og pass. Når det skjer vil passkiosken her hos oss bli stengt, og dei nærmaste stadene ein då må reise til for å ordne seg pass blir anten Sogndal eller Førde. Der må ein bestille time i forkant, anten per telefon eller på nett, og passe på at ein har med seg all dokumentasjon som trengst. All informasjon i høve pass og naudpass finn ein inne på nettsida politiet.no. Men oppmodinga til alle må vere å sjekke utløpsdatoen på alle pass før dei bestiller ferieturen, seier ho.