Parkeringsplassen utanfor Høyangerhallen kan tidvis vere tettpakka med bilar, og det er heller ikkje uvanleg at det står bilar parkert langs Høyanger vgs. nedst på bildet. Det kan gjere det vanskeleg å sjå barn som spring til og frå bilane, særleg om det er mørkt, og foreldra som ventar ikkje har slått på parklysa.

Uroa for trafikk­situasjonen ved Høyanger­hallen

Det kan vere både trongt om plassen og vanskeleg å halde oversikt for bilistar utanfor Høyangerhallen. Det uroar foreldre.


Ytre Sogn har vore i kontakt med foreldre som har ungar som trenar på sentralidrettsanlegget i Høyanger, og som er uroa for trafikktryggleiken til dei små. Det er 35 parkeringsplassar knytt til Høyangerhallen, noko som kan bli knapt når det er mykje aktivitet på anlegget. Då vel mange å parkere langs Høyanger vgs. vis-a-vis hallen, noko som igjen er med på å gjere området uoversikteleg. Om det i tillegg er mørkt, og dei som står parkert og ventar gløymer å sette på parklys på bilane sine, kan det bli vanskeleg å få auge på ivrige små som er på veg til eller frå trening.

Nyleg avgått leiar i IL Høyang, Tor Aleksander Hellem Dale, fortel at trafikksituasjonen utanfor Høyangerhallen har blitt tatt opp ved fleire høve internt i idrettslaget.

– Vi har oppfordra medlemmane både til å nytte parkeringsplassen på nordsida av Høyanger vgs., og til å ta ulike typar hensyn når ein reiser til og frå hallen eller står parkert, slik som å nytte parklys. Vi ser at mange vel å køyre heilt bort til hallen uansett, og kanskje og gløymer parklysa. Frå idrettslaget si side kan vi ikkje gjere så mykje anna enn å på ny oppfordre om å ta hensyn, og be medlemmane våre om å vere bevisste desse problemstillingane.

Foreslår tiltak
Tenestestadsleiar Kristoffer Jorddal Lønning ved Høyanger politistasjon fortel at dei ikkje har fått nokon henvendingar, klager eller meldingar om ulykker i området, men han er klar på at det er eit regelverk som bilistane må følge.

– I utgangspunktet skal ein ha på parklys når ein står parkert, og ein kan risikere å få eit forenkla førelegg på 2000 kroner om ein ikkje brukar rett lys.

Lønning fortel at han håpar at bilistane sjølv vil halde seg til regelverket, då politiet ikkje har ressursar til å kontrollere bruken av parklys og parkeringssituasjonen ved Høyangerhallen.

– Vi oppfordrar slik som idrettslaget til å ha eit bevisst forhold til dette, men kanskje det er mogleg å sjå på andre førebyggande tiltak og, slik som ei endra utforming på parkeringsplassen, skilting som minnar bilistane på rett lysbruk, eller betre generell belysning i området? Dette er truleg relativt enkle grep som kommunen kanskje kan sjå på.

Kjenner ikkje situasjonen
Høyanger kommune har sidan 2020 vore sertifisert som ein Trafikksikker kommune av Trygg Trafikk, og kommunen fekk seinast i fjor sommar godkjenning som dette for tre nye år. For å kvalifisere som ein Trafikksikker kommune er det fleire kriterie som må oppfyllast, som til dømes at trafikktryggleik er ein del av kommunen sitt folkehelsearbeid, og at kommunen har ein trafikksikkerheitsplan. Høyanger sin kommunedelplan for trafikktryggleik vart vedteken i 2014, og varer ut dette året.

Høyanger kommune er også for tida midt i ein planprosess for ei oppgradering av sentralidrettsanlegget i kommunesenteret. I skissene som føreligg er det lagt opp til parkering på nord- og austsida av Høyanger vgs., men ønskene for trafikk­avviklinga for området er ulike, og i rapporten frå Norconsult til Høyanger kommune kan ein lese at det «kring temaet bil og parkering var stor usemje mellom gruppene» i medverknadsprosessen. Høyanger kommune ved kommunalsjef Samfunn Jan Kaare Hellevang, er knapp i sitt svar på spørsmålet om det er tiltak som kan gjerast på kort sikt for å betre trafikktryggleiken, i påvente av større grep som kan kome som ein del av opprustinga av anlegget. 

– Eg kjenner ikkje til denne situasjonen du beskriv, og har såleis ikkje nokon kommentar ut over at det alltid er fornuftig å følgje trafikkreglane og ta omsyn til kvarandre i trafikken generelt.