Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. oktober 2020
Ytre Sogn 20. oktober 2020

Elevane i 1TPA fekk gode tilbakemeldingar på presentasjonen sin av ungdomsbedrifta Hustler Steel, framført av Arzinio Son Dela-Cruz (t.h.). T.v. Eivind Husabø frå Ungt Entreprenørskap (UE) Vestland.

Ungdomsbedrift vil utvikle og selje treningsmanualar

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 5. oktober 2020

-Vi meiner fysisk helse er ekstremt viktig, ikkje minst no i koronatida, så vi har oppretta Hustler Steel UB, som har som mål å utvikle og selje lokalproduserte manualar, seier Arzinio Son Dela-Cruz til Ytre Sogn.

Torsdag var det arrangert entreprenørskapsdag ved Høyanger vidaregåande, og resultatet vart fem nye ungdomsbedrifter som skal levere innovative tenester og produkt.



Elevane i 1TPA (Teknikk og industriell produksjon, red.mrk) stod bak ei av dei, med namnet Hustler Steel UB.



- Vi meiner fysisk helse er ekstremt viktig, ikkje minst no i koronatida, så etter ei stund med diskusjon kom vi fram til at vi ville opprette ei bedrift som har som mål å utvikle og selje lokalproduserte manualar. Produktet vi skal lage ønskjer vi å tilby til treningssenter, men også privatpersonar som ikkje vil utsetje seg for smitterisiko, og vil ha treningsutstyr heime, fortel Arzinio Son Dela-Cruz til Ytre Sogn.



Vektene vil bli produser på verkstaden til skulen.



– Høyanger treningssenter har allereie vist interesse, så vi håpar at det er eit marknad for dette og noko vi kan utvikle vidare, seier han.


Les meir i Ytre Sogn!

Dei fem ungdomsbedriftene vart presentert for elevar og lærarar i kantina.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå næring
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord