Uendra grense for bortebuarstipend


Avstandsgrensa for bortebuarstipend skal framleis vere 40 kilometer, og ikkje aukast til 60, slik det låg inne i regjeringa sitt budsjettforslag.

Det er klart etter at budsjettforhandlingane mellom H, Frp, V og KrF onsdag kveld var i hamn.

– Det er særleg viktig for eit fylke som vårt der vi totalt har om lag 800 hybelbuarar, og 230 av desse hadde blitt råka av regjeringa sitt framlegg til kutt. Så dette er ei av sakene Sogn og Fjordane KrF har spelt inn og fått gjennomslag for, seier fylkesleiar Trude Brosvik og peikar på at stortingsrepresentanten deira, Tore Storhaug, har målbore det.

To av dei som også er glade for at grensa for å få bortebuarstipend framleis skal vere 40 kilometer er Evy Birkeland Søreide og Andrine Norevik Hjelmeland, som begge er elevar på Høyanger vidaregåande skule. Dei ville nemleg ha mista stipendet om den hadde blitt endra, og måtte då ha byrja å pendle til og frå skulen frå høvesvis Søreide og Lavik, i staden for å bu på hybel i Høyanger som i dag.

– Eg tykkjer det er veldig bra. No kan vi fortsetje å delta sosialt og bruke tida etter skulen på aktivitetar og lekser, i staden for timar på reise Så dette skulle eigentleg berre mangle, seier Søreide.

Les meir i Ytre Sogn fredag!