Trenar fotball i skuletida


Det nye idrettstilbodet ved Høyanger vidaregåande skule har kome godt i gang, og elevane i 1STA stortrivst med ordninga.

Høyanger vidaregåande skule og IL Høyang har sett i gong eit prøveprosjekt om å tilby idrettsfag på Vg1 studiespesialisering. I første omgang gjeld det fotball, men på sikt er målet at det skal gjelde alle idrettar.

Bernard Breidvik, Brage Bjørkhaug Bergset, Sindre Ulvestad, Marius Fossen Varden og Benjamin Vågen går alle første året studiespesialisering (1STA) ved Høyanger vidaregåande skule og kosar seg på skulen om dagen. Stemninga var god då Ytre Sogn møtte elevane på Sletta tysdag morgon. Klokka 08.00 sette initiativtakar Reidar Grønli i gong treninga på ei snøfri kunstgrasbane, men først etter ein kameratsleg prat som fekk smilet fram hos gutane.

F.v. Bernard Breidvik, Brage Bjørkhaug Bergset, Reidar Grønli, Sindre Ulvestad, Marius Varden Fossen.

Les meir i papirutgåva fredag