Tom Hatlestad er på vegen igjen


Tom Hatlestad frå Høyanger drar i desse dagar på ein ny og omfattande verdsturne. Også denne gongen søker han svar på kva folk i forskjellige land meiner at fridom tyder for dei.

I åtte månader vil bilen hans, ein Land Rover, vere både heim og arbeidsplass.

Mot slutten av 2008 reiste Tom Hatlestad ut på eit fire månader langt eventyr. Med sin Land Rover køyrde han frå Norge til Bangladesh. Målet var Asias største fotofestival, Chobi Mela V, som var i slutten av januar 2009.

Tom reiste åleine og målet var å utforske korleis folka han møtte på vegen til Dhaka skildra Fridom. Resultatet vart vist som ei utstilling der nede. Seinare vart det utstillingar, både på Bytorget heime i Høyanger og i Oslo. Det vart bok av prosjektet og han fekk Blanch Majors forsoningspris for si fotodokumentariske utstilling Tracing Freedom, På sporet av fridom.

Denne gongen drar han ikkje åleine. Med seg har han Aleksander Andersen. Inspirert av nysgjerrigheita og med ei god dose idealisme drar dei på jakt etter tydinga av fridom.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!