Astrid Eiken Flage frå Hyllestad er tatt ut til å representere Norge i EM i sommar, medan Kim Ronny Nygård, som spelar for Hyllestad BK, er tatt ut i rullestolklassen.

Tok medaljar –⁠ tatt ut til landslaget

Hyllestadingane Astrid Eiken Flage og Nina Torvund vart begge tatt ut til landslaget som skal representere Norge i EM i Slovenia i juli.


Begge spelarane kjem frå Hyllestad og har ein bakgrunn frå Hyllestad Biljardklubb, men dei spelar i dag for Trondheim BK.

Grunna at meisterskapen vart flytta måtte Torvund trekke seg, og Eiken Flage blir den einaste kvinna som reiser til Slovenia for å konkurrere for Norge.

Både Eiken Flage og Torvund tok helga før påske medaljar i NM for kvinner i 9-ball og 14.1, der Torvund tok sølv i begge greinene, medan Eiken Flage tok bronse.

Begge måtte sjå seg slått av veteran og tidlegare biljardproff Line Kjørsvik, som viser seg å framleis vere i ein klasse for seg sjølv.

Også på herresida vil Hyllestad vere representert, der Kim Ronny Nygård er tatt ut til å representere Norge i rullestol-klassen i EM.

Europameisterskapen i pool for menn, kvinner, U23 og rullestolbrukarar går av stabelen i Podčetrtek i Slovenia den 6. til 6. juli i sommar.