To timars stengingar ved Leirvik


Førstkomande måndag startar bygginga av ny gang- og sykkelveg mellom Heggebø og Leirvik. Det inneber også langstengingar.

Ifølgje Vestland fylkeskommune vert dei mellom klokka 10:00-12:00 og 12:45-14:45 frå måndag til og med torsdag.


Arbeidet startar på strekninga mellom Troppehammaren og Leirvik. Her skal det blant anna sprengast i to fjellskjeringar og settast opp eit jordskredgjerde.

Fjellsidene skal første reinskast, og deretter blir det boring, sprenging og sikring av fjellsida.


- Det viktigaste for oss er å sikre tryggleiken til arbeidarane og trafikantane. Vi må sikre fjellskjeringane før vi let trafikken gå forbi, og skal vi få gjort noko arbeid ut over det så er vi nøydde til å stenge vegen i eit par timar i slengen, seier byggjeleiar Stig Aron Tverberg i fylkeskommunen.


Arbeidet på denne strekninga skal gå fram til jul.

Arbeidstida er frå klokka 07:00 til 19:00, og det kan også bli kortare stengingar ut over dei to langstengingane som er varsla.