Timbuktu til Utkant


Nordens største rapper, Timbuktu, er klar for Utkant. Det er også Amanda Delara, OGRAS og I am K.

Svensken går på som første artist når Utkant18 blir sparka i gang 26. juli.

– Musikken til Timbuktu er godstemning frå ende til anna, og passar perfekt inn på Utkant. Dette blir ein skikkeleg kickstart på festivalen, slår festivalsjef Viggo Randal fast.
Stått på ønskelisten

Timbuktu har i ei årrekkje levert prisvinnande svensk rap og har toppa festivalplakatar i store delar av verda.

– Det å få på plass Timbuktu til sommaren er jo ikkje mindre enn heilt Konge! Det måtte jo ordne seg til slutt, seier Viggo Randal som har hatt svensken på ønskjelista i fleire år.

– Denne sommaren tek Timbuktu myke fri på grunn av familieforøking og Utkant blir faktisk første konserten hans etter pausen.