Tilskot til rehabilitering


–Eg håpar vi kan kome i gang med stimuleringstilskot til rehabilitering av eldre hus i kommunen.
Det seier ordførar Petter Sortland i dette nyttårsintervjuet med Ytre Sogn.

Kommunen har oppretta ei ordning med stimuleringstilskot til husbyggarar og til kjøp av gardsbruk. No meiner Sortland denne ordninga også kan gjelde for rehabilitering av eldre hus.

–Det er nemleg slik at vi i Høyanger tettstad ikkje har tomter å tilby eventuelle nye innbyggjarar. Då blir overtaking/kjøp av eldre hus ofte løysinga. Å rehabilitere desse husa er slett ikkje gratis, og då kan det vere greitt med stimuleringstilskot, seier han.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!