Lokale nyhende frå Ytre Sogn 4. juli 2020
Ytre Sogn 4. juli 2020

- Skal Høyanger kommune styrke sin posisjon som attraktiv kommune for næringsliv, tilflyttarar og besøkjande krev det tverrfagleg og samla innsats frå fleire aktørar, meiner Høyanger-rådmann Kjellaug Brekkhus.

Tilrår å leggje næringsarbeidet under Høyanger kommune

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 4. juni 2020

Rådmann Kjellaug Brekkhus føreslår at næringsarbeidet i Høyanger vert lagt under tjenesteområdet beståande av einingane Plan og forvaltning og Drift og vedlikehald i kommunen.


Det var i vår at i kommunestyret bad administrasjonen førebu ei sak om organiseringa av nærings- og tiltaksarbeidet i Høyanger. Sidan 1988 har dette lege til Høyanger Næringsutvikling (HNU), som kommunen i dag eig 89,9 prosent av aksjane i.



I saksutgreiinga si kjem rådmann Kjellaug Brekkhus med tre alternativ til framtidig organisering;


1) Nærings- og tiltaksarbeid vert organisert i eit tenesteområde beståande av einigane Plan og forvaltning og Drift og vedlikehald, samt nyoppretta eining for Næring. Målet er å sikre samhandling mellom einingar med ansvar for utviklingsrelaterte oppgåver som t.d. strategisk planlegging, arealforvaltning, bustadutvikling, stadutvikling, næringsutvikling, infrastruktur og miljø. 



2. Næring vert plassert i rådmannen sin stab, og rapporterer direkte til rådmann. Slik vert nærings- og tiltaksarbeidet sterkt knytt til administrativ leiing i kommunen, og inngår i kommunen si leiargruppe. 



3. Nærings- og tiltaksarbeidet vert framleis organisert gjennom Høyanger Næringsutvikling AS. Skal ei slik organisering fungere må rammer, roller og oppgåver avklarast gjennom årlege oppdragsbrev frå kommunestyret. HNU si primæroppgåve bør då vere tenestetilbydar til næringsdrivande med fokus på rådgjeving og yting av tilskot.

Krev god samhandling


Og rådmannen tilrår at det vert arbeidd vidare med det første alternativet.

– Skal Høyanger kommune styrke sin posisjon som attraktiv kommune for næringsliv, tilflyttarar og besøkjande krev det tverrfagleg og samla innsats frå fleire aktørar. Det er viktig at dette vert organisert og samordna med strategisk planlegging i regi av kommunen og at det overordna ansvar ligg til kommunestyret. 


Ho peikar også på at ein svakheit ved dagens organisering er at arbeidsoppgåver som ligg i «gråsona» mellom kommunal tenester, forvaltningsoppgåver og utviklingsarbeid, og nærings- og tiltaksapparat (HNU) ikkje vert teke i vare på ein optimal måte.



- Uavklarte roller og manglande oppgåveavklaringar fører til dobbeltarbeid, motstridande interesser og problem med samhandling. Prosjekt og tiltak kjem i konflikt mellom planar og vert prioritert ulikt i HNU og kommunen. 



For å sikre gode tenester til næringsdrivande, samt god samhandling mellom kommunen og næringsaktørar, er det viktig at nærings- og tiltaksarbeidet vert organisert med klare roller, ansvarsområde og mandat frå kommunestyret, meiner rådmannen.

Eigen næringssamskipnad


- Ein må også unngå at nærings- og tiltaksapparatet kjem i ei rolle der dei fungerer som interesseorganisasjon for næringslivet. Næringsdrivande bør difor arbeide for å etablere ein næringssamskipnad i kommunen, meiner rådmannen.



Formannskapet kjem med si tilråding i møte tysdag 9. juni, medan kommunestyret gjer vedtak i møte 18. juni.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord