Til USA for å spele fotball


– Om det har svart til forventningane? Absolutt, seier tvillingsøstrene Synnøve og Rebekka Skaasheim (20) frå Balestrand om fotballivet «over there».

Dei to har nemleg fått stipend - eller scholarship - som gjer at dei dei neste fire åra kan kombinere fotballspel med å ta høgare utdanning i USA, og sidan august har Bridgeport i delstaten Connecticut på austkysten vore tilhaldsstaden deira. Universitetet dei går på, ein liten time med tog frå New Yprk, tel ikkje mindre enn 7000 studentar.

– Vi har ikkje same moglegheiten til å kombinere dei to i Norge. Det var ikkje noko lett val å ta, sidan det er langt heim, men vi var også sikre på at vi kom til å få det kjempeflott og oppleve nye ting, i eit nytt land, seier Rebekka.

– I tillegg får vi oppleve så utruleg mykje kjekt. Så då vi fekk ein slik moglegheit var det ikkje snakk om noko anna enn å «hoppe i det», seier Synnøve.

Dei fortel at University of Bridgeport er kjend for å ha ein del spelarar frå Skandinavia.

– Hovudtrenaren vår er svensk, og det er nok ein av grunnane til at det er - og har vore - ein del nordmenn og svenskar her, seier dei to og fortel at dei fekk hjelp av organisasjonen CSUSA (College Scholarships USA) som har eit tett samarbeid med mange universitet i USA og som hjelper mange skandinavar - både jenter og gutar - som vil spele fotball og gå på skule. Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

Heimebana til laget til University of Bridgeport.