Tatt på el-sparkesykkel med 2 i promille

Ein mann på el-sparkesykkel vart fredag kveld stansa av politiet på fv. 55 i Høyanger mistenkt for å køyre i ruspåverka tilstand.


Politiet stoppa mannen på el-sparkesykkel og gjennomførte ein promillekontroll. Den viste ein promille på 2,06, og mannen vart så teken med til Førde for blodprøvetaking der. No er vedkommande tiltalt for å ha køyrt i ruspåverka tilstand med el-sparkesykkel.

– Vi vil sjølvsagt oppfordre alle til å ikkje køyre motoriserte kjøretøy i alkoholpåverka tilstand, noko som også gjeld framkomstmiddel som el-sparkesyklar då ein utgjer ei stor fare for både seg sjølv og andre når ein gjer dette, seier leiar på Høyanger politistasjon Kristoffer Lønning.