Helse og omsorg er eit kostbart tenesteområde i Høyanger kommune. Betre vilkår for dei tilsette og redusert bruk av vikarar er blant tiltaka som blir skissert som kan gje eit positivt utslag på kommuneøkonomien.

Tar til orde for skånsom innstramming

Utvalsleiar for helse og omsorg, Frode Merkesvik, vil kjempe for at tenesteområdet får halde på statlege overføringar.


Høyanger kommune er for tida i budsjettmodus, og det blir jobba både i utval og parti med å finne retningar og prioriteringar for dei ulike tenesteområda i 2024.

Helse og omsorg er den klart største sektoren i kommunen, og tenesteområdet har ikkje klart å halde budsjettet dei siste åra. Utvalsleiar Frode Merkesvik (Ap) er bekymra for den økonomiske situasjonen, men er oppteken av at kommunen skal vere ein god arbeidsgivar og levere gode tenester innanfor tenesteområdet også om det må innstrammingar til.

– I utvalsmøtet vårt førre torsdag diskuterte vi behovet for å få ein bemanningsplan på plass for institusjonane våre. Den må spesifisere kor mange sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar som til ei kvar tid skal vere på jobb. Vi har ikkje ein slik spesifisert standard i dag, noko som fører til at det heller ikkje blir registrert avvik når dei ulike institusjonane er underbemanna.  

Merkesvik meiner at ein truleg må tenke nytt innanfor sektoren, til dømes med tanke på kva faggrupper som gjer dei ulike arbeidsoppgåvene. 

– Det er ein stor mangel på helsepersonell i heile landet og mange kommunar slit med rekrutteringa. Vi må derfor vere smarte i måten vi jobbar på og lage gode system. Vi har også eit arbeidsgivaransvar som kommune, og eg vil oppmode til at vi ikkje gjer endringar for raskt, men gjennomfører ein skånsom prosess over ei viss tid om det er snakk om nedbemanning.  

Frode Merkesvik (Ap) er leiar for Utval for helse og omsorg i Høyanger kommune.

Fordelingsbrøk
I økonomiplanen til Høyanger kommune er det foreslått store innstrammingar frå og med 2025. Merkesvik er oppteken av at helse og omsorg ikkje skal kome dårlegare ut av denne innstramminga samanlikna med dei andre tenesteområda.

– Vi blir stadig fleire eldre og færre yngre i Høyanger. Det fører til at vi får stadig større overføringar frå staten meint for helse og omsorg, og tilført mindre midlar meint for oppvekst. Dette må gjenspeglast i budsjetta, og fordelingsbrøken må ikkje endrast. Om til dømes oppvekst skal få tilført meir midlar bør dei kome frå dei 36 millionane kommunen har i kraftinntekter, og ikkje frå dei statlege overføringane som er knytt til helse og omsorg. 

Vikarbruk er eit gjentakande tema når det kjem til kommunale budsjett, og Merkesvik meiner at betre vilkår for dei fast tilsette kan vere noko å sjå på for å redusere kostnadane ved vikarinnleige.

– Vi manglar til dømes sjukepleiarar, og det er ikkje urimeleg å tenke at betre lønnsvilkår for dei kunne skapt meir stabilitet. Vi må og sjå det store bildet her, og verdien i å ha fast tilsette som bur og skattar lokalt framfor vikarar som kjem for å jobbe, og som ikkje er heimehøyrande i kommunen.