«Suen» har gått bort


Det var med stor sorg vi i Ytre Sogn i helga fekk beskjeden om at redaktøren vår inntil i januar i år, Rune «Suen» Sviggum, har gått bort.

Han sovna stille inn i heimen sin i Høyanger påskeaftan, 62 år gamal.

Med det har ikkje berre vi i avisa mista ein kjær og nær kollega og venn - Høyanger og resten av fylket har også mista ein markant avismann.

Tankane våre no går først og fremst til familien hans.

For avisa

Marianne Taule og May Britt Eide