Strålande jubileumskonsert


- Det er utruleg kjekt å bli invitert til KUL-koret sitt 40 års jubileum, fortalde tidligare dirigent Jonathan Newell, som hadde teke turen frå England til Kyrkjebø for å feire 40 års-jubilanten laurdag.

I strålande vårsol og ein fullsett sal var korsongarar i bunad og finstas samla då Kyrkjebø Ungdomslag songkor (KUL-koret) heldt sin jubileumskonsert på Kyrkjebø skule laurdag kveld.

Med flotte svingande og fleirstemte tonar opna KUL-koret med « Kyrkjebø Blues» av Snefrid Austreim, til stor jubel frå publikum. Med ein slik pangstart var det berre å lene seg godt tilbake å nyte perlene av korsongar som følgde etter.

Les meir i Ytre Sogn onsdag!