Tysdag var det sykkeldag for 5. klasse ved Høyanger skule. Desverre måtte politiet på utrykking og lærarane måtte derfor ta kontrollen av syklane. Lærar Terje Ullebø sjekkar sykkelen til Preben Vedvik, som følgjer nøye med.

Strålte om kapp med sola på sykkeldagen

Tysdag var det tid for den tradisjonelle sykkeldagen for 5. klasse på Høyanger skule. Sjølv om politiet dessverre måtte melde avbod i siste liten grunna ei utrykking la det ingen dempar på stemninga, og elevane storkosa seg med sykkeldag i finvêret.


Høyanger skule har i over 30 år hatt eit samarbeid med lensmannskontoret i Høyanger der dei saman arrangerer ein sykkeldag for 5. klasse der det blir sett fokus på tryggleik i trafikken.

Elevane fekk også kvar sin eigen sykkelhjelm til odel og eige, noko som er ei gåve frå Høyanger kommune til alle i 5 klasse.

«EU-kontrollen»
Da politiet ikkje kunne gjennomføre den tradisjonelle «EU-kontrollen» på syklane vart det lærarane som måtte trå til og ta kontrollen på standarden på syklane.

– Det var stort sett veldig god standard på syklane, men no gjekk vi kanskje ikkje like grundig til verks som politiet ville ha gjort. Alle hadde iallfall bremsane i orden, men det var nokre syklar som mangla refleksar, som til dømes framme og bak på sykkelen. Så med dette oppfordrar vi foreldrane til alle elevane på skulen om å nett gå over syklane til barna og sjekke at alt påbode utstyr er på plass og fungerer, seier lærarar og «sykkelkontrollørar» Tommy Johannsen og Pål Fredriksen.

Alle elvane hadde dagen før fått kvar sin sykkelhjelm, samt ein innføring i tryggleik i trafikken, og korleis ein skal te seg når ein syklar. 

Solveig Baumann Rørvik og Emma Selnes Øren fortel at det er kjempebra at alle i klassen får eigne sykkelhjelmar, for det er ikkje alle i klassen som hadde hjelm frå før av.

Ferdigheitstestløype
Etter at syklane var godkjente av lærarane skulle alle elevane sykle gjennom ei ferdigheitsløype, som er ei løype der elevane får vist at dei handterer syklane i gitte situasjonar som kan oppstå når ein er ute og syklar. 

– Det var litt synd at politiet ikkje kom. Det hadde jo vore bra å få vite om det er noko som er gale med sykkelen min, slik at eg kan få mamma eller pappa til å fikse det, seier Emma Selnes Øren.

– Det hadde jo og vore kjekt å vise politiet korleis det gjekk i ferdigheitsløypa, seier Solveig Baumann Rørvik som gjennomførde testen med glans.  

– Har dere lært noko nytt om trafikktryggleik som dere ikkje visste frå før? 
– Kanskje eit par ting som ein ikkje alltid hugsar, men som er veldig bra å bli minna

på om. For eksempel kvar gang eg skal ut å sykle seier alltid mamma at no må du ikkje sykle over gangfeltet, hugs at det er ikkje lov. Så akkurat den regelen kan eg iallfall inn og ut, seier Solveig, og Emma nikkar samstemd med.